Dagens kommentar, 2. juni 2021

Senterpartiet i vinden

Godt val: Alt kan tyde på at Jenny Klinge og Sp vil gjere eit godt stortingsval.  Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Meiningar

Sjølv om Senterpartiet fekk notert ein tilbakegang på 2,7 prosent til 21,3 prosent på Respons Analyse si meiningsmåling som mellom anna vart gjennomført for Sunnmørsposten, så er likevel partiet det største i Møre og Romsdal. Hadde det vore val i dag hadde Senterpartiet sikra seg to direktemandat til Stortinget, stortingsrepresentant Jenny Klinge og Vestnes-ordførar Geir Inge Lien. Høgre er i fritt fall, og blir påført ein skrell på heile 5,2 til 19,5 prosent, som betyr at partiet tapar eitt mandat, Monica Molvær, og står att med to direktemandat som er stortingsrepresentantane Helge Orten og Vetle Wang Soleim. Slik også for Arbeidarpartiet som har vist gryande form, og med ein framgang på solide 3,8 prosent står partiet bokført med 19,8 prosent, og to direktemandat som er fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen og sjukepleiar Åse Kristin Ask Bakke.