Lesarinnlegg:

Sunnmøre blør!

Frank Sve  Foto: Frp

Meiningar

25-35 milliard kr sender Høgre, Sp og Ap til Møreaksen og Sunnmøre står ribba tilbake med kun ei rekning på 3,2 milliard kr i bompengar i bypakke Ålesund.

At Sunnmøre med ca 55% av innbyggjarane og næringslivet lar seg styre av Høgre, Orten og Dahl, er for meg ei gåte.

HAFAST-leiinga set «musestille» skulle undrast over kva strategi som finnast der, send pengane til Molde, så kanskje vi ein gong om 20-30 år kjem i posisjon?

E39 Blindheim–Breivika med 30.000 bilar i døgnet, der ein har fylkets verste kryss Veibustkrysset, har altså Høgre prestert å sette eit stort kryss over og stroke ut av NTP.

I siste Nasjonal transportplan står 1 milliard kr til E39 Blindheim–Breivika, dette har altså Sunnmøre mista, og pengane er sendt av Høgre, KrF og Venstre til Møreaksen.

At Høgre er greinalause er si sak, men kva i himmelens navn driv KrF og Venstre på med?

Verken RV15 Strynefjellet med arm til Geiranger, Voldatunellen eller strekninga Ålesund –Sjøholt er nevnt med eit kløyva ord av Høgre, KrF og Venstre i NTP,

Sunnmøre blør, blør sine samferdselsmidler til Møreaksen og sender pengane til Midsund og Aukra.

Aukra som renner over av pengar og som lett kan byggje si eiga fjordkryssing finansiert av den norske stat sin aktivitet der.

Ser ikkje Sunnmøre snart at no er det Sunnmøre sin tur?

Er det rart at Høgre, KrF og Venstre har gløymt Sunnmøre, når desse partia er styrt frå Romsdal med Orten og Dahl i spissen?

Sp er også spelt heilt ut, og dei vert styrt av regionane her i fylket utanom Sunnmøre, nesten ubegripelig at Sp støttar Møreaksen og lar Sunnmøre i stikken!

Frp vil kjempe for Sunnmøre, og samferdselsprosjekt i heile fylket.

Ålesund er fylkets største by, og E39 Blindheim–Breivika krev Frp lagt inn på NTP, utan bompengar.

Frp krev også at leiinga i HAFAST får av seg «skylappane» og begynner å forstå at Sunnmøre blør, og at dei blir rundlurt av Møreaksenforkjemparane.

Frp meiner Nye veier AS må få ansvaret for å bygge Ålesund–Vestnes og vidare opp E136 til Bjorli.

Dei ynskjer å bygge ferdig «mellom» fjordane, før kryssing av fjordane vert aktuelt å vurdere.

Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden er viktig, men også at Sunnmøre får fortgang i Sande Fastlandsamband, Voldafjordkryssinga og Rovdefjordkryssinga samt at HAFAST kjem seg ut av «dvalen».

Nordmøre likeså, men der har dei forstått alvoret og mobiliserer no for sine prosjekt, slik som RV70 og Todalsfjordkryssinga samt ferje mellom Hitra og Aure, der Nordmøre også no seier tindrende klart NEI til Møreaksen.

Sunnmøre blør, det er på tide med grundig bandasjering, og kreve at Sunnmøre som fylket sin største region også får sin rettmessige andel av samferdselskronene i ny Nasjonal transportplan.