Endeleg el-ladestasjon i Sykkylven

Sindre Stuen  Foto: Privat

Meiningar

Stadig fleire vel elektrisk når dei kjøper ny bil. Det er i skrivande stund registrert 366.870 elbilar og 152.087 ladbare hybridbilar i Noreg. Andelen med el- og hybrid køyretøy vil berre auke i nær framtid. Det vil då bli større behov for å få fylt på med energi på køyretøya. Dei fleste ladar heime, men av og til vil også dei som bur nært trenge å hurtiglade for å kunne dekke heile behovet sitt. Ikkje minst gjeld dette for dei som er på gjennomreise eller bruker ladbar bil til våre populære hytte- og fjellområde.

Som elbileigar ser eg at vi treng fleire ladestasjoner. Her i Sykkylven har det vore mange forsøk på å få på plass en hurtigladestasjon. Fleire lokale parti har hatt dette på agendaen, men det har vore vanskeleg å oppnå resultat. Siden det snart er 5. juni, verdas miljødag, er det ekstra gledelig å sjå at det no er kome opp ladestasjon i sentrum. All honnør til dei som tok tak og fekk realisert dette som mange har sett fram til så lenge.

Laurdag, på sjølve miljødagen, vil Sykkylven SV gjennomføre ein liten seremoni for å takke dei som fekk dette prosjektet i hamn.