Dagens kommentar, 4. juni 2021

Spennande prosjekt

Amfi: Slik ser REN Sykkylven AS føre seg at det kan sjå ut på ved Kaitrappa.  Foto: Illustrasjonsfoto

Meiningar

Det har i fleire år vore delte meiningar om kva den såkalla godsterminaltomta i Aure sentrum av Sykkylven skal nyttast til. Gjennom åra har fleire idear dukka opp, frå spenstige prosjekt om etablering av fleirbrukshus, forretningar, hotell og leilegheiter til badeland og friområde. Etter at REN Sykkylven AS kjøpte tomt ved sjøfronten i 2014 av Sykkylven Sjøfront AS, har eigedomsselskapet hatt ein klar intensjon om å etablere ein Rema 1000-butikk. Mellom dei første planane som vart presenterte for politikarane i fjor sommar må ein kunne seie var spektakulære. Eit hus med amfi som sterkt minna oss om Operahuset i Oslo, var på mange måtar genialt. Då prosjektet i januar i år vart handsama i nærings- og utviklingsutvalet (NU) gjekk fleirtalet inn for å samarbeide vidare med REN Sykkylven AS.