Dagens kommentar:

Ørkenvandring

Skisse: REN Sykkylven AS sine planar ved Kaitrappa i Aure sentrum.   Foto: Illustrasjon

Meiningar

Ikkje uventa vart det knirk i maskineriet då saka om arealbruken av kaiområdet på Aure i Sykkylven kom opp til handsaming i Sykkylven formannskap sist måndag. Det har opp gjennom åra versert svært mange tankar og idear, og også konkrete planar over kva som kan og må gjerast med den såkalla godsterminaltomta på om lag sju dekar som kommunen eig ved sjøfronten. Vi gløymer ikkje så lett Ekornes-karane sine fantastiske planar for mange år sidan. Det eine signalbygget etter det andre var teikna inn, som: Hotell, fleirbrukshus, leilegheiter, restaurant og fleire butikkar. Vidare har det vore snakk om høghus og badeland, og sist men ikkje minst friområde og promenade langs sjøkanten.