Dagens kommentar:

Omstillingsmiddel

Nullutslepp: Stortinget vedtok i 2018 at all ferdsel på Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri frå 2026  Foto: Halvard Alvik

Meiningar

I ei pressemelding ber Møre og Romsdal fylkeskommune regjeringa om opp mot 600 millionar kroner som skal nyttast gjennom prosjektet: Omstilling av Geirangerfjorden verdsarvområde med omland. Det er utarbeidd eit oversyn over tiltak som bidreg til å innfri nullutsleppsvedtaket. Dette omfattar i første omgang sikring av naudsynt elforsyning inn til verdsarvområdet, men også tiltak for å handtere auka ferdsel på veg, samt handtering av kloakkutslepp til verdsarvfjorden.