Lesarinnlegg:

Kaiområdet

Kaia i Sykkylven  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Den 9. juni hadde NYSS to sider med omtale av bygging på kaiområdet. Dei 7 linjene av Heidi Rasmussen Aurdal på siste sida er likevel dei mest verdifulle for Sykkylven si framtid.

«Om du fekk bestemme, kva ville du endra i Sykkylven?

Ferja som ligg ved Kaitrappa kunne blitt fjerna. Vi har eit kjempefint område nede ved sjøen, men kva hjelper det når det ligg ei ferje og sperrar for den flotte utsikta».

Turistbåtar kjem og reiser igjen

Då eg var Driftsingeniør for Siesta og hadde elektro-besøk hos Bjarne Brekke ved kaiområdet med fin sjøutsikt, fekk eg høyre: «Om utsikta mot sjøen kjem bort av forretningsbygg på kaiområdet, vil det verte trist for mange i Sykkylven. Også eit tap for Sykkylven som turiststad. Det er betre at turistane kjem med båt til kaiområdet. For dei reiser igjen etter besøket».

På den tida vart det omtala at turistbåtar gjerne ville besøke andre stader enn Geiranger.

Turisme med store inntekter for Sykkylven

Med vinteropphald på Gran Canaria i over 10 år, er det interessant å sjå korleis øya har satsa på turisme, med milliardinntekter. Endå øya ikkje er særleg større enn Stranda-Sykkylven.

Lofoten har også funne ut finessane med å få millioninntektene til å yngle, ved å satse på same «Langhuset» som er funne i Sykkylven.

Sjømannskirka på Gran Canaria er ein populær stad, med mange besøkande nordmenn. Ved besøkande frå Lofoten vart det diskutert korleis millioninntekter også kan «renne inn» i Sykkylven med å legge opp for «Langhus-turisme» slik som i Lofoten.

«Sykkylven har tapt mange millionar ved å ikkje legge opp for turisme på same måte som i Lofoten, for lenge sidan», var svaret.

Turismen treng kaiområdet til bussar og nødvendige opplegg ved satsing slik som i Lofoten.