Dagens kommentar, 23. juni 2021

Breiddeidretten er tilbake

Takkar: Idrettspresident Berit Kjøll rettar ein stor takk til alle som har vist tolmod under pandemien.   Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Meiningar

For første gong på 15 månader kan breiddeidrettsutøvarar kome i aksjon igjen. Idretten er på veg tilbake til normalen. Idrettspresident Berit Kjøll rettar ein stor takk til alle som har vist stort tolmod under pandemien. Regjeringa går no vidare i sin gjenopningsplan og opnar opp for trinn tre. Vaksne over 20 år får unntak frå avstandskravet, og får lov til å trene med kontakt både innandørs og utandørs. I tillegg vert det opna for å halde konkurransar og kampar innanfor eigen krets både utandørs og innandørs.