Krigskart

Det tyske krigsskipet Admiral Graf Spee i Geirangerfjorden i 1938.  Foto: Ukjend

Meiningar

I «Nyss» av 27. januar og 16. juni i år har Odd Karstein Fløtre lesarbrev om tyske krigskart.

Han skriv m.a. at det er utruleg at Hitler kunne få utarbeidd så detaljerte kart til invasjonen i Noreg for over 80 år sidan. Lenge før Data, Internett og Mobiltelefonar var funne opp.

Han gir opp eksempel frå vårt område, vedkomande detaljering.

Dette stemmer ikkje med fakta!

Heilt sidan 1938 hadde den tyske militære etterretningstenesta arbeidd med å skaffe kart over Noreg. Særleg etter krigsutbrotet i september 1939 flomma bestillingane inn til det halvmilitære Norges Geografiske Oppmåling (NGO) - no kartverket. Dei kjøpte so mange kart at NGO vart utselde.

Dei tyske skipa som gjekk inn i norske farvatn natta mellom 8. og 9. april 1940 manøvrerte etter norske sjøkart. Sjøkart som heilt lovleg var kjøpt rett før. Dei tyske styrkane som sette seg i bevegelse innover i landet, hadde operasjonskart produsert etter norske gradteigskart, også heilt lovleg kjøpt rett før.

Allereie 2. mai 1938 informerte NGO forsvarsdepartementet og Generalstaben om at store tyske oppkjøp av norske landkart var i gang. 23. august same år informerte NGO om store oppkjøp av sjøkart. 15. april 1939 vart det på nytt informert om nye store innkjøp av kart.

Den gangen galdt det sjøkart, heilt kysten frå svenskegrensa til grensa mot Sovjet, av landkart generalkart i målestokk 1:400 000, geologiske generalkart 1:250 000 og topografiske kart 1:100 000 (Rektangelkart og gradteigskart)

I slutten av september 1939 skreiv NGO til tyskarane og beklaga at lagera no var tomme, men at bestillingane vile bli effektuerte so snøgt som mogleg.

Kva gjorde forsvarsdepartementet, utanriksdepartementet eller Generalstaben?

For å gjere sala mindre offentleg gjorde utanriksdepartementet vedtak om at NGO skulle selje karta til Johan Grundt Tanums forlag. Deretter kunne desse forlaga selje vidare til tyskarane.

I slutten av oktober vende utanriksminister Koth seg til direktøren i NGO og bad om at kart ikkje vart selde til krigførande land. Karta vart deretter selde til Sverige som selde dei vidare til tyskarane.

I dag tenkjer vel dei fleste: At det går an? Kva var det som stod stille oppe i hovudet deira?

Karta var derfor originale norske kart eller kopiar av norske kart. Detaljeringsgraden var den opphavlege norske.

Kjelde: historikaren Lars Borgersrud.