Dagens kommentar, 25. juni 2021

«Knappar og glansbilete»

Skuletomt: Sykkylven kommune har gått inn avtale med grunneigarar om å kjøpe om lag 63 mål tomt til den nye sentrumsskulen.   Foto: Arkivfoto

Meiningar

Mange med meg har undra seg over at grunneigarane av tomta til den nye sentrumsskulen i Bakkeøyane får mellom fem og trettifem kroner per kvadratmeter, som må seiast er «Knappar og glansbilete» om ein samanliknar med sal av andre areal som til dømes til Sørestranda skule som i 2011 vart selt for 190 kroner per kvadratmeter, og no er indeksregulert til om lag 310 kroner. Det er Møre og Romsdal tingrett som har kome fram til denne erstatninga gjennom ein skjønnsdom.