Habiliteten til ordføraren i Stranda kommune – eit demokratisk spørsmål

PK Støbakk, Skafjellet  Foto: Privat

Meiningar

Etter at ordføraren i Stranda framstod spesiellt saksvegrande når i dette tilfellet undertegna tok kontakt med legale spørsmål i slutten av februar, førte dette til at han skapte ei interesse i meg rundt ordførarrolla han forvalta i kommuna eg bor i. Når nokon svarer med stillheit, eller skygger unna og ikkje tør å svare so er eg slik skrudd i hop at eg blir meir enn gjennomsnittlig nysgjerrig. Spesielt når det gjeld maktpersonar som bevisst framstår lite audmjuk overfor demokratiske spelereglar. Dvs, ein må gjerne sjølv meine å være demokratisk anlagt.

Det eg snakker om er å være tydelig og synlig overfor innbyggerane når dei vil «være med på laget». En god leder ekskluderer ikkje i det omfang og tempo Jan Ove Tryggestad gjær. En god leder er imøtekomande overfor vanlige folk og sørger for ro og behagelig orden. En god leder fremstår ikkje panisk når han blir sett i korta, slik eg meinar å ha registrert hjå Jan Ove Tryggestad i dei to siste kommunestyremøta der han har tillagt folk grunnlause meiningar.

Dei einaste grunnane og litt tabloid sagt eg greier å sjå er dei ordføraren sjølv meinte han kom til å høyre om han ikkje fekk klubba ned den folkevalgte som hadde ordet. Og det i ei faderlig fart før det kom fram kva ordføraren «kjende på» at representanten kom til å sei. Han rakk å sei «Hydrogenfabrikk på Hellesylt» før det small i respatexen i bordet til Storfjord kulturhus, der kommunen har møta sine.

Dette var for meg den direkte utløysande oppførselen til Jan Ove Tryggestad som gjorde at eg følte det nødvendig å bruke min demokratiske rett til å spøre om alt er slik det bør være. Ein får ikkje vite noko om ein ikkje spør. Ingen gjær gale med å spøre ein gong til om ein ikkje får svar fysste gongen. Så basert på tidligere «misserer» med å prøve å ringe ordføraren

direkte, tillot eg meg derfor til siste kommunestyremøte den 23.6.2021 å sende inn ei anmoding til kommunestyret i Stranda i saker rundt saksbehandling på personar eg føler kanskje er litt «nær» ordførarstolen og som eg har lurt på ei stund. Habiliteten til ordføraren.

Det skader ikkje hverken strandasamfunnet, ordføraren eller underteikna å få dette avklart.

For meg er det meir prinsippet om å bruke retten min, meir enn å meine å vite noko ingen andre veit eller burde vite.

Sett frå min ståstad so var det Frank Sve som skjønte det prinsipielle i brevet eg sende angåande habilitetsspørsmålet. Han understreka for ordføraren at dette var frå ein sambygding og viktigheita av å sjå til at dette blei behandla med respekt. Eg leverte brevet sist onsdag.

Resultatet blei ei bestilling frå kommunestyret for vurdering av ordførar Tryggestad sin habilitet til kontrollutvalget, revisjonen og statsforvalteren. Å bli spurt om eller vurdert på.

Habilitet er ikkje egna til å tape tillit for nokon. Det er svaret som bestemmer dette. Å spøre om slik info er også ein demokratisk og viktig rett alle nordmenn har. Då er det godt å vite at enkeltindividet også når frem takket være en årvåken politiker.

Brevet er slik:

Til Stranda kommunestyre ang. habiliteten til ordføraren.

I formannskapet sak 015/21 den 15/3-21 ang tilrettelegging for veg og industri innan det regulerte industriarealet Tryggestad/Langeland vart ordførar Tryggestad erklært inhabil i behandlinga som grunneigar av industritomta det er planlagt å ligge ein hydrogenfabrikk.

I ettertid har ordførar Tryggestad også blitt erklært inhabil i sak ang. den same hydrogenfabrikken på Tryggestad vedr. søknad om kompensasjon fra staten i fylkesutvalget den 14/6-21.: Med samme bakgrunn, som grunneigar.

Ordførar Tryggestad har altså personleg svært stor interesse og personleg vinning av at Hydrogen HUB blir etablert på Hellesylt og at dei andre tiltaka som biogass, bruk av 02 i oppdrett og bruk av fiskeavfall osv blir realisert.

Soleis vil absolutt all kontakt som ordførar og folkevalgt Jan Ove Tryggestad retta mot investorar og alle andre partar gjeldande Hydrogen, Ferjer med Hydrogen, tilrettelegging av Kaier for Hydrogenferjer, eller absolutt alle andre områder som kan rettast mot framtidig mulig aktivitet i Tryggestad og Langeland industriområde jamf formannskapssak 015/21- måtte medføre inhabilitet og ugildskap for ordføraren i Stranda kommune.

Mitt grunnlag for innhaldet i dette brevet der eg ber kommunestyret å vurdere ordførarens HABILITET ligg nedfelt i norsk lov med med følgande forklarande tekst:

Marius Stub v/UiO forklarer om innhabilitet som dette brevet handler om.

«Er man inhabil, foreligger det omstendigheter som er egnet til å svekke tilliten til ens upartiskhet • Det er ikke noe galt i det å være inhabil – galt blir det først dersom den inhabile deltar i saksbehandlingen – Inhabilitet og korrupsjon er to forskjellige ting • Å være inhabil betyr bare at man står saken for nær • Straffeloven § 387 om korrupsjon rammer den som «for seg eller andre krever, mottar eller aksepterer et tilbud om en utilbørlig fordel i anledning av utøvelsen av stilling». Høyesterett har lagt til grunn at det normalt må foreligge en ytelse og en motytelse, og at verdien av ytelsen må anses å være av varig art, slik at for eksempel en vinflaske eller en middag som fortæres på stedet ikke vil kunne rammes som utilbørlig, jfr dom av 5. september 2014 inntatt i Norsk Retstidende Rt 2014 s 786.»

Eg legg til at eg ikkje ynskjer at medlemmane i kommunestyret ufrivillig skal hamne i ei eventuell moralsk knipe som i etterkant kan føre til ein urettferdig svikt av tillit frå velgarane utan fyst å bli gitt ei saklig påminning og dermed anledning til å vurdere spørsmål av lovmessig karakter når det kjem til avstemming.

Mitt anliggande og som innbygger i Stranda gir meg rett til å framføre, er ikkje spørsmål i å ta stilling for eller i mot industriaktivitet i Stranda kommune. Mitt absolutte anliggande er om alt skjer etter boka? I dette tilfellet ber eg om oppmerksomheit rundt eit av dei finaste og viktigaste demokratiske prinsippa eg som innbyggar i Norge har. Eg ber mine folkevalgte representanter vurdere HABILITETEN til ordføraren i Stranda kommune ref oven nemte sak 15/21.

Eg ber såleis om at kommunestyret vurderar ordføraren sin habilitet i alle saker som er behandla, som anten direkte eller indirekte er retta mot Hydrogen HUB, etablering av hydrogenferjer / båtdrift, biogassproduksjon eller produksjon av hydrogen der O2 er planlagt brukt i oppdrettsteknologi, eller møter og kontakt mellom kommunen v/ordførar og investorar osv.