Dagens kommentar, 30. juni 2021

Kommune- og fylkesreforma

Oppløysing: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil løyse opp att fylka i Viken, Troms og Finnmark.   Foto: Torstein Bøe / NTB

Meiningar

På ein pressekonferanse har Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum varsla at dersom han kjem i posisjon i ei ny regjering etter valet, vil han gå inn for å løyse opp Viken fylke (samanslåing av Akershus, Buskerud og Østfold, men har hovudsete i Oslo, som ligg utanfor fylket) og Troms og Finnmark. Talet på fylke er redusert frå 18 til 11. Vedum er klar på at når 87 prosent av finnmarkingane røysta imot ei samanslåing, så må fylket bli delt opp att. Det var 58 prosent som deltok i folkeavrøystinga i 2018. Trygve Slagsvold Vedum meiner at Viken er den desidert dårlegaste løysinga. Heller ikkje Ap sin kommunalpolitiske talsperson, Stein Erik Lauvås har varsla at det å løyse opp fylka er uproblematisk. Arbeidarpartiet er også imot alle former for tvangssamanslåingar.