Krigskart og detaljar

Detaljar frå tyske krigskart  Foto: Privat

Meiningar

Stor takk til Arild Bergstrøm for opplysningar i Nyss, at det var omfattande sal av norske kart til Tyskland før krigsutbrotet i 1939. Med interessante opplysningar om at dei tyske skipa som gjekk inn i norske farvatn, og dei tyske styrkane i Noreg, brukte tyske kart produsert utifrå dei norske karta.

Ein kan undre seg over at det vart produsert så detaljerte norske kart for over 80 år sidan. Og enno meir må ein undre seg over, at dei som produserte dei tyske karta utifrå dei norske, klarte å gjere det store arbeidet med å overføre alle dei norske kartdetaljane til tyske kart. Utan nemneverdige feil i stadnamn ved overføring av norske stadar i tusenvis til deira tyske kart. Berre det å endre vår norske Ø til Ö i dei tyske karta krevde stor innsats.

Opplysningane om detaljane i karta er imponerande. Skrivne på tysk og norsk. Så lang liste at dei på biletet måtte oppdelast i to kolonner for å få plass.

Her er Hovedvei, Bygdevei, Privat kjörevei, Fjeldvei, Gangsti, Hovedkirke, Annekskirke, Kapell, Eksercerplats, Gaard, Plats, Sæter, Stöl, Fabrik, Fælæger, Fiskerbod, Holme, Skjær, Fjeld, Berg, Höyde, Fjord, Sund, Vand, Sjö, Tjern, Vassdrag med foss, Elv, Bæk, Is og snebre. Og enno detaljnamn, som Jernbane og Grenser, - utan å få plass.