«Turistdestinasjonen» Sykkylven!

Installasjon: Skribenten meiner installasjonen som står foran Kaitrappa i Sykkylven ser ut som levningar frå den gamle godsterminalen.  Foto: Privat

Meiningar

Eg har rusla litt rundt i Aure sentrum, spesielt i området ved Godsterminal-tomta. Her er installasjonen som stod i Kyrkjevegen i fjor plassert etter ei lang vinterlagring. Der står den enda, kloss opptil den etterkvart så berømte Kaitrappa, slik at den øydelegg for den også. No ser det ut som levningar frå Godsterminalen, som om det ligg ein rusta stålbjelke og sperrar. «Krukkene» er fulle av ugras, ikkje ein einaste blomster, fjøler som er skrudd av og ligg og sleng, lyslekkjer som er avrivne og heng og dinglar, store bossdunkar som er plassert på kvar side, vel å bra, men ikkje der! Så vidt eg veit kosta dette «Kyrkjeveg-prosjektet» nærare ein halv million kroner, no ser det ut som ein skrothaug! Utruleg at ingen føler ansvar for dette prosjektet og for at pengane som er brukt til det, ikkje vert tatt vare på og sett opp att slik at vi kan bruke det i sommar. Ikkje berre der, gå en tur bort til buen i Strandgata, ugras og søppel, niks vedlikehald. Ved 1000-års bautaen er det også slett vedlikehald, og fulle bosskasser. Vi har ein del tavler rundt om i sentrum som fortel om utgravingane , der har ein slått med motorljå, og halvmeter langt gras (høy) ligg att slik at besøkjande kan gå å trakke i. Langs heile kanten ved pumpehuset er det fullt av rusk, beger, sneipar osv. Spørsmålet er; er det slik «turist-destinasjonen» Sykkylven skal stå fram? Skal dette vere det turistar og besøkjande og vi som bur her, skal få oppleve i sommar? No nærmar det seg fellesferien og då tenkjer eg mitt!

Det må då gå an å finne ein annan stad å sette opp denne greia! No hastar det!

Fram med feiemaskinene, spyl gatene, flytt installasjonen, pynt med blomar! Kostar pengar ja, -men det har sanneleg det gjort det som står og forfell til inga nytte også gjort!

God sommar!