Dagens kommentar, 2. juli 2021

Stor aktivitet

Aktivitetspark: For få veker sidan opna Hundeidvik Aktivitetspark.   Foto: Privat

Meiningar

Når det i ulike samanhengar blir snakka om Hundeidvik, så er namnet på grenda synonymt med dugnad og pågangsvilje. Og då snakkar vi ikkje berre om at Hundeidvik Blandakor har markert sitt 150-årsjubileum, og hadde planar om både kyrkjekonsert og ein jubileumstur som vart avlyst grunna koronapandemien. Blandakoret er mellom det eldste kora i landet. Dette betyr at det har vore kulturell aktivitet i grenda i over 150 år. I meir moderne tid har Hundeidvik IL i tur og orden bygd grasbane med den første tribunen med tak over mellom Bergen og Trondheim. Nytt grendehus vart tatt i bruk i 1976, der dei frammøtte fekk oppleve litt av kvart, ikkje minst revy og bingo. Frå 2008 har Hundeidvik Fotballfestival stått sentralt. Her har tusenvis av unge fått boltre seg med ulike aktivitetar kvart einaste år.