Sanninga

Magnar Furseth.  Foto: Maria Nerhus

Meiningar

Under Stranda kommunestyre si handsaming av kommuneplanen på jonsokaftan, vart namnet mitt litt uheldig trekt inn i saka frå talarstolen. Det var under debatt om areal for Lien Hyttegrend AS. Arealet kom uventa inn att i kommuneplan-kartet som ei vesentleg endring, etter benkeforslag frå ordføraren i eit kommuneplan-utvalsmøte (KPU). Dette var etter andre gongs utlegging til offentleg ettersyn, der det altså ikkje var med. Dermed hadde ingen mynde eller einskildpersonar hatt høve til å kommentere det.

Ein av representantane minte om at det heilt sidan starten, ikkje berre no i det siste, hadde vore stor motstand mot Lien Hyttegrend frå kringliggande naboar i grenda. Det vart mellom anna vist til at merknadar frå Magnar Furset ikkje var lagt fram for vedtaksorgan. Ordføraren gav då i replikk ein munnleg garanti for at det ikkje var sant.

Den heile sanninga i denne saka er nok om lag like lang å føre prov for, som den tida saka har vore til handsaming i kommunen. Ein kortversjon må her vere lov å kome med for å korrigere ordføraren si utsegn, og synleggjere at alle naboane til tiltaket har vore råka av den lemfeldige saksgangen. Eg vel å legge fram eit lite utval frå dei første åra.

Startmøtet mellom Lien Hyttegrend AS og Stranda kommune fann stad 09.11.2010. Det faste planutvalet (PLA) hadde møte 09.12.2010 og handsama sak om dispensasjon frå gjeldande kommuneplan for området, utan nabovarsel og utan å ha kompetanse til dette, då denne låg til KPU. I brev av 15.06.2011 fekk nabobruka vite om det nemnde startmøtet. Ved eit reint tilfelle vart vi 01.11.2011 på servicekontoret klar over at PLA hadde hatt saka slik nemnt ovanfor, altså om lag eit år etter startmøtet!

Klaga mi datert 03.11.2011 på dette vedtaket vart handsama berre som ei av fleire referatsaker i PLA 24.11.2011. Desse vart «tekne til vitande slik dei ligg føre», men eg har aldri fått melding attende. Fem grunneigarar på Furset sende 17.11.2011 ein grundig merknad på fem og ei halv side til utkastet til planprogram. Dette vart ikkje lagt fram for PLA under handsaminga 24.11.2011 slik at fakta og synspunkt vart underslegne på eit strategisk tidspunkt i saka. Merknaden vart heller ikkje lagt fram for kommunestyret den 20.06.2012. Då vart planprogrammet vedteke utan endringar, men det var til alt overmål ein tredje variant som ikkje nokon hadde sett før.

Ved ein grundig merknad frå meg 08.02.2015 på seks og ei halv side + tre sider fotovedlegg, til andre gongs utlegg av reguleringsplanen, vart tekstsidene fjerna frå kommunen si heimeside etter få dagar, medan bileta låg att. Etter eit møte mellom rådmann, ordførar og meg, vart dette retta oppatt, men utan at det kom fram korleis det hadde blitt fjerna, då det «ikkje skulle gå an».

Bruka på Andeberg og Engeset tok bladet frå munnen i brev av 15.06.2015 til PLA. Der bad dei om å få eit møte, då dei var haldne utanfor ei synfaring med tiltakshavar og kommunen. Dette fekk dei ikkje lov til. I nytt brev 10.08.2015 viser dei til sine merknadar til første og andre gongs utlegg, og at den andre ikkje fanst i kommunale sakspapir.

20.08.2015 vedtok PLA å tilrå for kommunestyret reguleringsplanen med kart datert 19.01.2015, sjølv om nytt kart datert 10.06.2015 følgde saka. Dessutan tilrådde ein føresegner og til saman seks oppsette endringar, utan at reguleringsføresegnene fanst i sakspapira, og sjølvsagt då utan debatt om dette. Fleire undrande tilskodarar var til stades i salen. Kommunestyret vedtok i møtet 02.09.2015 det tilrådde med feil kart.

Grunneigarane på Andeberg, Engeset og Furset klaga på vedtaket i brev 23.09.2015 og i «tillegg til klage» datert 01.10.2015. Då klaga skulle handsamast som ekstrasak av kommunestyret 24.02.2016 (nytt frå hausten 2015), vart klagarane nekta å få legge fram eit brev til kommunestyret. Der peika vi på grove faktafeil og feiltolkingar av argument frå klaga i saksutgreiinga.

Ved handsaminga mangla då det nye kommunestyret innsyn i til dømes saksutgreiingar og protokollar frå PLA-sak 082/11, KOM-sak 080/12, KOM-sak 179/12, PLA-sak 043/13, PLA-sak 007/15, PLA-sak 069/15, KOM-sak 076/15 og Lauritz Devold si klage av 02.10.2015. Då vi som klagande grunneigarar undersøkte kva som elles følgde saka, viste det seg at atten direkte merknadar frå einskildpersonar, lag og ulike forvaltningsorgan mangla. Kommunestyret opprettheldt vedtaket og sende det over til Fylkesmannen. Dokumenta som mangla ved kommunestyret si handsaming sende vi sjølve til Fylkesmannen.

04.11.2016 fekk vi brev om at kommunen si eigengodkjenning av planen var oppheva. Dette var første gongen vi som klagarar vann fram; vi vann og den andre gongen, men det kan høve å sette ein strek her, og truleg er ordføraren samd i det. Som Olav H. Hauge seier det:

Kom ikkje med heile sanningi,

kom ikkje med havet for min torste,

kom ikkje med himmelen når eg bed om ljos,

men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom,

slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget

og vinden eit korn av salt.