Kvifor støttar Sp Møreaksen?

Frank Sve  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Sp ved Jenny Klinge uttalte i ein debatt, at det finnast ikkje andre alternativ til Møreaksen.

Når ein Stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sp har så greinalaust dårlig kunnskap om samferdsel, burde vedkommende faktisk fått litt hjelp og skulering om veg og samferdsel.

Sjølvsagt finnast det alternativ til Møreaksen!

Statens vegvesen region vest planlegg firefelts flytebru over Bjørnafjorden i Vestland, over 5 kilometer i noko av kystens vanskligaste farvatn.

Flytebruteknologien er godt utprøvd, og er i ei rivande utvikling som sjølvsagt ikkje har snev av problem for realisering over Romsdalsfjorden.

Både i dagens Møreaksetrase og i Romsdalsaksetraseen, men også i trasé lenger inn i fjorden inkludert kryssing av Langfjorden er meir enn realistisk.

At Sp og Jenny Klinge klarer å ramle så lågt at ein set og direkte snakkar «tøv» om flytebruteknologien og Romsdalsaksen er rett og slett kompetanselaust og eit grelt eksempel på politikarar som ikkje setter seg inn i saker ein uttalar seg om.

At Sp og Klinge ikkje bryr seg om at over 70% av innbyggjarane IKKJE vil ha Møreaksen, og der over 40% vil ha fortsatt ferjer, er rett og slett forakt overfor innbyggjarane her i fylket.

Frp og underteikna HAR sett oss inn i samferdsel, og ynskjer å nytte ny, miljøretta, trygg og framtidsretta teknologi slik som flytebruer.

Sykkel og gåande kan bruke ei flytebru, likeeins turistar og alle kan «trille over fjorden», istaden for farlige djupe tunellar snar 400 m under fjorden, miljøversting nr 1, og umogeleg for gåande og syklende samt fortidas teknologi.

Ynskjer innbyggjarane «fortidas politikarar» inn på Stortinget?

Frp ynskjer å bygge samferdselsprosjekt i heile fylket med ny, miljømessig, trygg og sikker framtidsretta teknologi, derfor seier vi NEI til Møreaksen, og ja til Romsdalsaksen eller fortsatt nullutslippsferjer.