Mi historie

Oppmoding: Jonathan Klokk Eidset har fått erfare kor viktig det er å bruke sykkelhjelm.   Foto: Privat

Meiningar

14. mars 2021: Eg hadde hatt ein fin dag, vore med bonuspappa og bonusbesten på fisketur tidlegare på dagen og så var eg med vener. Eg skulle sykle heim til middag, og så plutseleg blei alt svart og eg hugsar ingenting før eg vakna opp på sjukehuset. Mamma fortalde at ho trudde ikkje det var så ille sidan eg hadde klart å ringe ho for å seie at eg hadde ramla på sykkel, så ho fekk litt sjokk då ho såg meg, kor skada eg var. Eg hadde blitt køyrt heim av ein som heiter Fredrik, heldigvis for meg så køyrde han tilfeldig forbi og skjønte at det var noko gale. Mamma støtta meg inn på badet og ho byrja å vaske forsiktig av blodet i ansiktet mitt, men stoppet då eg spurte fleire gonger det same spørsmålet- og då ringte mamma legevakta, og dama på linja blei litt forkava då ho høyrde meg gråte og forvirra i bakgrunnen sa til mamma at ho måtte ha telefonen nærme.

Skummel trend: Jonathan opplevde at nokon hadde løsna sykkelhjulfestet på sykkelen hans.   Foto: Privat

Etter to minutt- ikkje tull- så ringe legen her i Sykkylven opp igjen og heldigvis var det fastlegen min så mamma blei automatisk rolegare av den grunn. Han tok oss imot, vi var ikkje lenge der, for eg hadde ringt mamma 15:50, og 16:50 så var vi på ferja utover.

Eg og pappa overnatta på sjukehuset, eg var der frå søndag ettermiddag til tysdag ettermiddag. Eg hadde ingen brot, men var stygt forslått- måtte sy nokre sting på skuldra og hadde fått kraftig hjerneskaking, skrubba opp handleddet og halve ansiktet mitt. Eg var ganske stiv, og måtte ta små steg kvar dag, og ingen skjerm i det heile tatt. Eg starta med kort turar fram og tilbake framom huset, så rundt nabolaget før eg gjekk litt lengre turar igjen. Eg var borte frå skulen i tre veker, så starta eg med halve dagar og i slutten av mai så hadde eg fulle skuledagar igjen, og så vidt starta med fotballtrening, vere med vener, overnatting osv.

Eg var i grunnen veldig heldig, fordi eg brukte sykkelhjelm. Den fekk ein solid knekk, så den er kasta og eg har fått ny. Eg har også lært å sjekke om alt er som det skal før eg bruker sykkelen igjen. Det har både mamma og pappa lært meg. Besten har festa sykkelhjulfestet godt fast.

Det er ein farleg ting, å losne festet på hjula til syklane. Dette er ein trend som har gått rundt på sosiale medium-kanalar, som blant anna TikTok, i lengre tid. Eg synest at det er veldig viktig å bruke hjelm, både når ein syklar eller skal bruke sparkesykkel, skateboard, rulleskøyter og slike greier. Trur ikkje det er for å skade nokon, men trur heller ikkje dei tenker konsekvensane eller utfall som kan skje når dei tullar med andre sine syklar. Ein fin hugseregel er å alltid sjekke sykkelen før ein skal bruke den, og bruke hjelm sjølvsagt!

Jonathan Klokk Eidset, 11år.