Frp-sjokket

Sjokk: Det må vere sjokkerande for Sylvi Listhaug at Frp får rekordlåge 7,2 prosent oppslutnad på Dagbladet si meiningsmåling.   Foto: Berit Roald / NTB

Meiningar

Det må vere frustrerande for Sylvi Listhaug som nyvalt leiar å oppleve at Frp rasar nedover på meiningsmålingane godt og vel eit par månadar før stortingsvalet. Siste meiningsmålinga vart så absolutt ein flopp for Sylvi, medan Sp og Trygve Slagsvold Vedum gjer eit hopp. Det er Dagbladet si ferske måling som viser at Frp får ein oppslutnad på 7,2 prosent og går tilbake med 2,9 prosent. Dette er på alle måtar ei katastrofemåling for Frp som etter valet i 2009 fekk notert 22,9 prosent, medan partiet etter valet i 2013 fekk ein oppslutnad på 16,4 prosent. Aldri har Frp vore så låge på Dagbladet si meiningsmåling.