Eldre skal leve heile livet

Torill Velle (H)  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Det er ofte dei grunnleggande tinga som svikta i eldreomsorga. Mat, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene. Gjennom reforma “leve heile livet” har kommunane fått eit verktøy til å gjere noko med det. Med reforma skal eldre få moglegheit til å meistre ege liv der dei bor, heile livet. Høgre vil bruke reforma “leve heile livet” til å skape eit aldersvennleg samfunn og ein verdig alderdom.

Høgre vil leggje til rette for at eldre kan bu heime så lenge som mogleg. Valgfridom har ein helseverdi i seg sjølv, difor må vi ønske alle dei offentlege, ideelle og private aktørane som ønsker å levere gode tenester til våre eldre, velkommen!

Vi må ha forebyggande heimebesøk i kommunane og leggje til rette for bruk av velferdsteknologi. Velferdsteknologi snakkar alle om, men velferdsteknologi er ikkje at vi berre skal gjere ting raskare og meir effektiv – det er teknologi som skal gjere tenestene betre, gir oss nye moglegheiter, som vi før ikkje hadde, eller vi ikkje veit om enda, i tillegg til dei varme hendene. Høgre vil forsterke velferdsteknologiprogrammet.

Høgre vil innføre lovkrav om at kommunestyre årleg skal behandle rapport om tilstanden i helse- og omsorgstenestene der både brukarundersøkingar, objektive kvalitetsindikatorar og brukartilfredsheit skal målast.

Høgre vil ha fleire tverrfaglege oppfølgningsteam som skal bidra til koordinering av flerfaglige tenester i tillegg til primærhelseteam. Teamet skal kartlegge brukaren sine mål og behov - og skreddarsy tilbod utifrå dette. Slike flerfaglige team finnes i mange kommunar i dag og bidrar til at brukaren kan behandlast i eigen heim lenger i staden for på institusjon.

I samanheng med reforma «leve heile livet» har også regjeringa dei siste åra lagt fram ein rekke arbeid. Kompetanseløft 2025, demensplan 2025, ernæringsstrategi, pårørandestrategi, lindrande behandling og omsorg for å nemne nokon.

Høgre vil føre ein folkehelsepolitikk som i størst mogleg grad byggjer på positive verkemiddel med belønning og stimulering. Gode levekår, god helse, livskvalitet og trivsel heng saman. Folkehelsearbeidet må tilpassast menneske i alle fasar av livet og å bidra til å redusere sosiale forskjellar. Reforma “leve heile livet” vil bidra til at eldre får betre tenester, meir aktivitet og fellesskap i kvardagen, og gi eldre meir meistring.

Høgre vil bruke reforma “leve heile livet” til å skape eit aldersvennleg samfunn og ein verdig alderdom. Med reforma leve heile livet meiner eg dei eldre vil få ein enda betre moglegheit til å faktisk leve heile livet!