Ap sin frekkheit har ingen grenser

Frank Sve  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Når Ap ved Kjølmoen presterar å reise rundt på ferjekaiene i fylket med plakat om halvering av ferjeprisane, har dei brått gløymt at Ap og Sp sendte ferjeprisane til himmels her i fylket, gjekk med 313 mill kr i overskot, og stemte imot Frp sitt framlegg i Stortinget om monaleg kutt i ferjeprisane»

Skam deg Kjølmoen, så lågt trudde eg ikke du kunne gå.

Når Sylvi Listhaug og Frp no fekk forhandla inn i revidert statsbudsjettet med regjeringa eit REELT kutt på 25% i alle ferjeprisane i heile landet gjeldende frå 1/7, så burde Ap og Kjølmoen og co halde seg milevis vekk frå ferhekaiene her i fylket.

Makan til frekkheit «ferjepolitisk vonderboy» einaste «vonderboyen» klarer å prestere i praksis, «var å auke ferjeprisane til himmels her i fylket, få eit massivt ferjeopprør midt i fleisen, og bli tvinga i kne av sine eigne til å reversere ferjeprisaukane som fylkesvaraordfører.

Kvifor stemte AP imot FrP sitt framlegg i Stortinget om monaleg kutt i ferjeprisane ?

Ap og Sp seier ein ting, gjer stikk motsatt i praksis.

Eg og Frp meiner folk må måle politikarane på det dei gjer i praksis, ikke det dei «skriv på èin plakat» i valgkampen.

Frp har senka ferjeprisane ilag med regjeringa med 25% , og vil fortsette vårt arbeid for reelle lavere ferjeprisar.

Så får berre Ap og Kjølmoen fortsette med å dilte etter Frp, Sylvi og meg, og forsøke å skåre billige politiske smular når Frp driv politikk i praksis, og faktisk kuttar ferjeprisane med 25%.

Rederligheit i politikken er viktig, då burde Ap her i fylket holde seg for gode til slik greinaløyse, som å faktisk forsøke å ta æra av noko dei ikke har påverka i praksis med eit komma.

Frp og underteikna har fremma utallige framlegg i fylkestinget om reduserte ferjetakstar, medan Ap og Kjølmoen stemmer imot kvar gong.

AP og SP vil heller bruke pengane på opera, bypakker og velte milliarder av kr i bompengar over til innbyggjarane og næringslivet