Fakta frå Sve!

SP derimot framført av Klinge, gjekk faktisk til valg på Romsdalsaksen og snudde tvert om og støttar no Møreaksen.

Frank Sve   Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Meiningar

Dette er fakta.

Fram til 2017, var der ikkje utgreiingar som støtta opp under flytebruer, men hausten 2017 kom utgreiinga frå Vegdirektoratet og Statens vegvesen region vest som konkluderte med at flytebruer var meir enn realistisk.

Statens vegvesen region vest gjekk vekk frå djupe undersjøiske tunnelar på sitt ferjefrie E-39 prosjekt Hordfast over Bjørnafjorden, og skal no bygge 5 kilometer endeforankra flytebruer over eit av kystens tøffaste fjordområde.

Statens vegvesen region midt derimot, hadde forleda alle her i fylket til å tru at Sekkfast (Romsdalsaksen) ikkje kunne byggjast med flytebruer, noko som altså grundig vart motbevist hausten 2017.

«Frå dette tidspunkt endra eg og FrP standpunkt, og krev at ny, miljømessig, trygg og billigare teknologi slik som flytebruer vert nytta for kryssing av Romsdalsfjorden».

SP og Klinge derimot, gjorde som vanleg STIKK motsett, og går baklengs inn i framtida ved å velje blindt Møreaksen, snart 400 m under fjorden i ca. 6 mil med tunnelar og ny E-39 gjennom og forbi Molde.

- Winston Churchill uttalte følgjande:

«Den som ikkje evnar å skifte standpunkt, evner ikkje å utrette noko som helst».

Eg og FrP evnar å skifte standpunkt når ny teknologi er tilgjengeleg:

- og vel Romsdalsaksen/flytebruer eller framleis ferje, framfor djupe undersjøiske tunnelar som folket ikkje vil ha.

Så registreres eg at Jenny Klinge framleis hardnakka skal byggje Møreaksen.

«DU kan stoppe dette ved å slett ikkje støtte Møreaksenpartia slik som SP, AP og Høgre i Stortingsvalget den 13. september».
IKKJE er Møreaksen byggeklar, IKKJE blir den byggeklar, og IKKJE blir den bygd dersom DU brukar stemmeretten den 13. september.

STOPP Møreaksen!

Stem FrP