Skal vi ha beitedyr i Strandadalen?

Vi burde alle gjennomføre frivillig tilskot til dei bøndene som faktisk orkar å drive med beitedyr i Strandadalen.

Frank Sve (arkiv)  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Når eg vaks opp, hadde dei fleste gardsbruka i Strandadalen saude og geiter og det vrimla med beitedyr i utmarka i heile Strandadalen. Eg hugsa eg sat på hjortejakt og irriterte meg over sauene som for å svinsa og svansa og forstyrra jakta.

– I dag er her stort sett berre HJORT eg ser, og det er eit svært sjeldan syn å sjå ein sau.

ALLE i Strandadalen burde gjere det vi kunne for at dei svært få bøndene som er igjen som driver med SAU, faktisk kan få flest mogeleg dyr ut i dei enorme beiteområda som berre veks igjen. Gong etter gong høyrer eg folk snakke fint om NORSK mat.

– Då er der jaggu snart på tide at folk hugser på kvar denne faktisk kjem ifrå, og at utmarksbeiter i Strandadalen også er ein del av dette som skal til for å produsere NORSK mat.

«Når eg ser at folk som kjem heim frå ferie, ikkje torer å sleppe ut ungane sine fordi 3–4 sauer går «litt» ut av kurs, då lurer eg verkeleg på om vi snakkar om ein sau, eller var det ein Ulv??»

Saudeparla kan vere plagsame dei, men litt pinleg å snakke om, når nesten tonnevis av hjorteparla på dei same markane og plener ikkje blir levna eit sekund interesse. Nei, slå eit slag for landbruket i Strandadalen, vi trenger kvar ein einaste sau, kyr, geit, høne, gris, og alt av beitedyr som faktisk brukar beiteområda i Strandadalen. Beitedyra ferdast overalt, dei går dit og hit, og eg tvilar på dei brukar noko «kart». Skal vi ha beitedyr i utmarka i framtida må vi alle puste litt med magen.

Mitt spørsmål er til alle som bur i Strandadalen.

- Ynskjer vi ei levande bygd med dyrehald og eit utviklande bygdesamfunn med landbruk og beitedyr i Strandadalen? Ja, eller nei!

God sommar.
– Eg håpar dei fleste toler å sjå ein sau.

Mvh

Frank Sve
(Glad i sauer og alle slags dyr)