Lesarinnlegg

Norge treng ein aktiv næringspolitikk.

I 8 år har høgreregjeringa ført ein næringspolitikk som let næringslivet stå aleine. I møte med dei store utfordringane vi står ovanfor i framtida, gir dei uttrykk for at berre dei største selskapa har livets rett, og at alle må rydde opp på eiga hand utan statleg hjelp.

Cecilie Myrseth, Arbeiderpartiet, Troms  Foto: PETER MYDSKE

Meiningar

Vi i Arbeidarpartiet syns det er skuffande at Høgre har statleg allergi og ikkje har planar om å verken stille krav til lokale ringverknader og verdiskaping, ei heller planar om å fylle den næringspolitiske verktøykassa med innhald.

For Arbeidarpartiet vil «arbeid til alle» alltid vere jobb nummer éin. Skal vi lukkast med det, må vi utvikle eksisterande industri, næring, arbeidsplassar og samstundes legge grunnlaget for nytt næringsliv og ny industri i heile landet.

I havbruket, til dømes, ser vi i Arbeidarpartiet nå mange nye moglegheiter. Blant anna har vi no sjansen til å ta del i eit nytt industrieventyr for sjømatnæringa gjennom å støtte utviklinga av norsk fôr til havbruksnæringa. Ap vil stimulere til auka produksjon av norskprodusert berekraftig fôr med mål om at alt fôr til havbruksnæringa skal vere frå berekraftige kjelder innan 2030.

Med ein aktiv næringspolitikk som kan gjere det mogeleg å skalere opp og kommersialisere nokon av de spennande prosjekta vi har i Norge i dag. Finnfjord smelteverk ser til dømes på moglegheita for å bruke sine CO₂-utslepp til å produsere algefôr, som i tillegg til å vere meir klimavennleg, kanskje kan vere med i kampen mot lakselus.

De kommande åra trenger vi fleire hundre tusen nye arbeidsplassar for å få heile folket i arbeid. Eksporten av varer og tenester har falt betydeleg dei siste åra. Eksisterande eksportnæringar må utviklast vidare, og Norge treng nye store eksportverksemder. Då er ikkje løysinga ei passiv høgreregjering, viss einaste verkemiddel er skattekutt utan debatt

Næringspolitikken skal vere med å løyse dei store utfordringane i samfunnet. Norsk økonomi skal stillast om, og vi skal reise oss etter koronakrisa. Det vil krevje politisk leiarskap og eit tett samarbeid mellom staten, kommunane, fagrørsla og næringslivet.

Slikt leiarskap går vi til val på. Vi vil stille krav til næringslivet. For sjømatnæringa handlar dette blant anna om krav til lokale ringverknader. Ap har pressa på for ei produksjonsavgift som gir auka middel til vertskommunar, og at ein høgare del av havbruksfondet skal gå til kommunane. Om næringa skal nå ønska vekst, så må ein spele på lag med kystsamfunna, ha legitimitet og truverdigheit, noko mange har, men skepsisen til vekst og utviding er også stor. Dette er samfunnskontrakten som Høgre ikkje forstår.

Vi vil stille krav om eit seriøst arbeidsliv og lærlingar ved offentlege anbod. Samstundes vil vi også gi anbod og offentlege anskaffingar til små norske bedrifter, ikkje berre enorme utanlandske aktørar. Gjennom desse tiltaka skal vi endre kursen på norsk næringspolitikk, frå Høgre sin «status quo», til vår aktive tilnærming.

No skal vi ha vekst og utvikling i heile landet – det skal vi sørge for.

Cecilie Myrseth, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og medlem i næringskomiteen.