FrP seier NEI til Møreaksen!

«Den som ikkje evnar å skifte standpunkt, evna ikkje å utrette noko som helst»

Frank Sve  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Ser at Bernhard Riksfjord er ute på sosiale flater og har «forvilla seg fast» i 2016-tida, og forsøker å forklare FrP sitt standpunkt til Møreaksen.

Det burde både for Riksfjord og andre vere svært så godt opplyst kva FrP har som standpunkt ang. kryssing av Romsdalsfjorden.

Dette er fakta:

Fram til 2017, var der ikkje utgreiingar som støtta opp under flytebruer, men hausten 2017 kom utgreiinga frå Vegdirektoratet og Statens vegvesen region vest som konkluderte med at flytebruer var meir enn realistisk.

Statens vegvesen region vest gjekk vekk frå djupe undersjøiske tunnelar på sitt ferjefrie E-39 prosjekt Hordfast over Bjørnafjorden, og skal no bygge 5 kilometer endeforankra flytebruer over eit av kystens tøffaste fjordområde.

Statens vegvesen region midt derimot, hadde narra alle her i fylket til å tru at Sekkfast (Romsdalsaksen) ikkje kunne byggjast med flytebruer, noko som altså grundig vart motbevist hausten 2017.

«Frå dette tidspunkt endra Frank og FrP standpunkt, og krev at ny, miljømessig, trygg og billigare teknologi slik som flytebruer vert nytta for kryssing av Romsdalsfjorden»

Høgre, SP og AP derimot, gjorde som vanleg STIKK motsett, og går baklengs inn i framtida ved å velje blindt Møreaksen, snart 400 m under fjorden i ca. 6 mil med tunnelar og ny E-39 gjennom og forbi Molde.

Dette trass i at i regjeringserklæringa står det klart og tydeleg at ein skal byggje, smartare, billigare og med ny miljøteknologi på dei nye vegprosjekta her i landet. Korleis Møreaksen kan felle inni dette forstår ingen!

Winston Churchill uttalte følgjande:

«Den som ikkje evnar å skifte standpunkt, evna ikkje å utrette noko som helst»

Til Bernhard Riksfjord er det berre å seie: FrP og Frank evnar å skifte standpunkt når ny teknologi er tilgjengeleg, og FrP veljar Romsdalsaksen/flytebruer eller framleis ferje, framfor djupe undersjøiske tunnelar som folket ikkje vil ha.

Elles registreres det at Facebook sida Møreaksen grundig omtalar min person flittig. Hyggeleg kunne ein sikkert meine, men makan til lågmål der det viktigaste er å «ta mannen og ikkje ballen» skal ein leite lenge etter. Det er nok slik dei er opplært på Møreaksensida å oppføre seg på nettet vil eg tru, eller?

Men, sjølvsagt forståeleg no når forkjemparane for Møreaksen står igjen aldeles tomme for nye argument. Møreaksenforkjemparane må meir enn gjerne fortsette sin kamp mot Frank Sve. Derimot har folket her i fylket for lengst også skifta standpunkt der faktisk meir enn 75 % av innbyggjarane slett ikkje vil ha Møreaksen!

Møreaksen taper, dersom DU seier klart ifrå ved Stortingsvalget den 13/9, og seier Nei til Møreaksenpartia!

STOPP Møreaksen!

Stem FrP!