Klimakrise eller?

Ole Gerhard Steen, Partiet De Kristne  Foto: Pressefoto

Meiningar

Fleire og fleire blir no klar over at PDK meiner at den menneskeskapte klimakrisa er skapt av politikarar og ikkje av CO2-utslepp.

Mange vil derfor på bakgrunn av den siste klimarapporten frå FN om at det skjer klimaendringar og at vi som lever no må bremse klimaendringane før dei tar heilt overhand.

Det noverande CO2 nivået i atmosfæren er nær eit historisk minimumnivå. Dersom ikkje nedgangen i atmosfærisk CO2 dei siste 150 millionar år hadde snudd, så ville fotosyntesen og planteveksten til slutt stoppa opp og livet på kloden døydd ut.

CO2 nivået har tidlegare vore 15-20 gonger høgare enn i dag utan at det nødvendivis var varmare av den grunn.

Det har med jamne mellomrom i jorda si historie vore varmeperiodar, mellom anna for 1000 år sidan, 2000 og 3000 år sidan.

Det er korrekt at temperaturen på kloden har stige etter 1850 ved avslutninga av Den lille istid. Det er heilt naturleg at temperaturen innhentar seg etter kalde periodar. IPPCs CO2 hypotese seier at denne temperaturauken skal akselerere med bakgrunn i ein forventning om at den svake drivhusgassen CO2 gir meir vanndamp .

Problemet er at denne hypotesen manglar støtte i observasjonar. Du finn han i modellar, men den varsla akselarasjonen uteblir. Dette kjem tydleg fram i havnivåmålingar, og litt i satelittmålingar av temperatur.

I samband med den publiserte IPPC rapporten no i august, så må forfattarane innrømme at klimamodellane er «overoppheita». Dei nye framskrivingane frå IPPC som advarer med opptil 5 grader auka temperatur frå 1850 til 2100 stemmer ikkje med observasjonar som er på ca 0,15 grader C pr. tiår.

Du skal med andre ord vere sterk i trua viss du skal ta dei stadig meir alarmerande åtvaringane frå IPPC alvorleg. I dag er det lett å tru på klimakrisa basert på ein tilsynelatande offentleg konsensus. Men hugs då på at vitskapen bygg på teoriar som deretter må stadfestast gjennom faktaobservasjonar.

Sjølv om det stadig blir omtalt klimakatastrofar så viser statistikken det motsette. Talet på klima-relaterte dødtal dei siste 100 år har falt svært mykje og det på tross av folkeauken på jorda i perioden.

Så derfor kan vi slå fast at det eksisterer ikkje observasjonar som underbygg teorien om at menneskeskapte CO2 utslepp vil føre oss ut i elende.

PDK er derfor heilt klart i vårt standpunkt og er du ung og har klimaangst så vil vi tilrå at du les dette.