Prioritering av dei ansatte i skule og barnehager - ein bløff?

Vaksine: Utdanningsforbundet er bekymra for det dei meiner er eit løftebrudd frå regjeringa  Foto: Illustrasjonsfoto

Meiningar

Tilsette i skular og barnehagar fekk lovnad om prioritering i vaksinekøa, slik at deikan vere beskytta når sommarferien er over og begynner i jobb. Men blei det slik?

I disse dager opner barnehager og skulane for fullt, og mange lærarar og barnhageansatte er bekymra for kva som venter dei. Kunnskapsminister Guri Melby gjentok seinast for nokre dager sida at vi skal opne på grønt nivå, som vil sei normal drift, og smittevernstiltak på eit minimumsnivå!

Nasjonalt har ikkje alle lærarar og barnehageansatte vore prioritert i vaksinekøa og det meiner vi er eit løftebrudd frå regjeringa. At under fire av ti lærere er fullvaksinerte ved skulestart er ikkje haldbart. Helseminister Bent Høie bekrefter at ikkje alle i denne gruppa blir beskyttet før skulestart likevel: – «Dei har bløffa lærerne « seier Høie!

Utdanningsforbundet er skuffa over regjeringa sitt vedtak om gje ansvaret til kommunane om å gjere prioriteringane! Fleire lærarar, barnehageansette og SFO er redde for kva vil skje framover med den aukande smitta i samfunnet, og når ein går over til grønt nivå, er det enda vanskeligare å verne seg mot smitte og då vil risikoen vil auke betydeleg trur vi!

Difor vil lokallaga på Stranda og i Sykkylven støtte bekymringa frå utdanningsforbundet sentralt og håpe at kommunane vil prioritere ansatte i skule og barnehage slik at alle blir fullvaksinerte så raskt som mogleg og føle seg trygge! Og det var lovnaden frå kunnskapsministeren!