Hytteutbygging trugar fuglane - også på Sunnmøre

Kjernebitar ringmerkt ved Stigelivatnet juli 2021.  Foto: Marie Løvoll

Meiningar

Kommunane Sykkylven og Stranda er populære stadar å byggje hytte. Folk ønskjer tilrettelagt tilgang til urøyvd natur. Dette er ein vanskeleg kombinasjon. Den totale belastinga i områda ved Nysætervatnet og Stigelivatnet er i ferd med å fortrengje artar som er med på å gjere området unikt. Mange kjenner til små- og storlomen sine tonar som ljomar over vatna på kveldstid. Artane er sky, og toler ikkje å bli forstyrra i hekketida. Ein liten orrfuglbestand held til i grenseområda mellom myr og gamal furuskog, og mange finn glede i å høyre orrfuglen sin boblande lyd seint og tidleg. Orrfuglen er sky og svært sårbar for utbygging nær spelplassane. Dersom ein ønskjer å bevare artane som gir området særpreg er det på tide å følgje naturmangfaldlova sitt føre var-prinsipp.

Raudstjerten hekkar i grensa mellom furuskog, fjellbjørkeskog og myr. Han overvintrar sør for Sahara.  Foto: Marie Løvoll

Det har i fleire år blitt registrert artar ved Stigelivatnet ved hjelp av foto og ringmerking. Takka vere ulike naturtypar har området eit uvanleg stort artsmangfald. Myrområda er habitat for mellom anna enkeltbekkasin, raudstilk, storspove, gluttsnipe, skogsnipe, strandsnipe, toppand, krikkand, kvinand, brunnakke, siland, stokkand, gråhegre, trane og fiskemåse. Under haust- og vårtrekket tilbakelegg mange artar imponerande distansar og er avhengige av rasteplassar med god næringstilgang undervegs. Området er også uvanleg attraktivt for trepiplerka. Ho er ein viktig vertsfugl for den raudelista gauken, som dermed også klarer seg godt i området. Lista på godt over 100 observerte artar aukar stadig, og i 2021 vart både stillits og hekkande kjernebitar lagt til. Fleire artar er avhengige av biotopane i grenseland mellom skog og myr. Dei har reir i tre og småbuskar, og bfinn mat til ungane i fuktige område der insekta klekkar. Raudstjerten er døme på ein slik art. Det er også grunn til å merke seg hekkande kvitryggspett, dvergspett og gråspett. Bestanden av kvitryggspett i Sverige, Finland og austlege delar av Noreg er nær utrydda på grunn av moderne skogsdrift. Kvitryggspetten si overlevingsevne avheng av tilgang til insekt i ståande, daud gamalskog.

Gauken legg gjerne egg i trepiplerka eller raudstjerten sine reir. Han overvintrar i tropisk Afrika.  Foto: Marie Løvoll

Kunnskap om artsmangfaldet skal verte nytta ved utarbeiding av reguleringsplanar. Der det er pålegg om konsekvensutgreiing er det vanleg å nytte såkalla eksisterande kunnskap. Dette betyr oftast observasjonar gjort av frivillege som har registrert funna i Artsdatabanken. Dersom det ikkje finst registrerte observasjonar på den aktuelle lokaliteten kan det fort verte konkludert med at der ikkje finst artar som er verd å ta omsyn til. Det er difor viktig at alle naturinteresserte legg inn sine observasjonar på www.artsobservasjoner.no. Eksisterande kunnskap vert deretter supplert med befaring der planfremjar leiger inn eit konsulentselskap for kartlegging av artane. I mange tilfelle vert denne befaringa gjennomført i løpet av ein enkelt dag. Eit kortvarig besøk er sjeldan nok til å avdekke reelle naturverdiar, og vil til dømes ikkje fange opp rugande fugl eller rastande artar på trekk.

Kvitryggspetten er avhengig av morkne tre for næringssøk. Han hakkar gjerne ut reirhòl i gamle osper.  Foto: Marie Løvoll

Dei fleste er nok ikkje klar over talet på tomter som allereie er regulerte til fritidsbustadar, men ikkje utbygde, kring Nysæter- og Stigelivatnet. Det er mange. Trass i dette vert det stadig godkjend nye tomtefelt med argumentasjon om stor etterspurnad. Planforslaga vert gjerne presenterte som «utviding» av eksisterande hyttefelt, «fortetting» eller «oppdatering» av ein allereie vedteken reguleringsplan. Utbygginga foregår trinnvis og fragmentert, men får totalt sett betydeleg innverknad på store areal. Dei som hugsar området frå berre ein generasjon tilbake har vore vitne til ei omfattande utbygging. Når er det nok? Ei vidare utbygging med infrastruktur og tomter vil leggje eit uakseptabelt stort press på biodiversiteten.

For områda kring Nysæter- og Stigelivatnet eksisterer kunnskap om artsmangfaldet som myndigheitene pliktar å ta omsyn til. Spørsmålet er om kompetansen er god nok og viljen sterk nok til å setje seg inn i konsekvensane av å ignorere denne kunnskapen. Det er lett å vere etterpåklok når ein ser kva ein har øydelagd, men den våren lomane ikkje dukkar opp er det for seint.