Trøhjelp for sykkelturisme

Idyll: Gamlevegen forbi Tandstad er eitt eksempel på ein idyllisk sykkelveg som kan by på storslått utsikt både innover og utover fjorden  Foto: Kjetil Tandstad

Meiningar

Tradisjonelt er det flate, vindfulle og ganske kjedelige landskap som lokker til sykkelferie. Men med trøhjelp frå elsykkelen kan fjordbygdene våre bli eit eldorado både for norske og utanlandske pedalturistar.

Eg har ofte beundra dei tapre syklistane som med tung oppakning slit seg over Strandafjellet i regn og motvind og tenkt at dette blir det aldri masseturisme av. Men det var før elsyklane kom. No er Strandafjellet plutseleg overkomeleg. Når motbakkane ikkje lenger er ei hindring, bør det ligge godt til rette for å lokke den veksande skaren av ivrige sykkelturistar til vårt område.

Sykkelferie

Eg har sjølv vore på sykkelferie i Tyskland og Tsjekkia. Makeleg som eg er, sette eg stor pris på at landet var paddeflatt og at koffertane våre vart frakta mellom hotella vi budde på. Men etter ei veke var eg sant å seie vel forsynt med flate kornåkrar. Det gjorde godt å kome heimatt til eit meir tredimensjonalt landskap.

Å sykle til dømes strekninga Sykkylven – Geiranger må vere ei kjempeoppleving for folk som er vane med dei flate landskapa i sør. Men same kor storslått naturen vår er, kan vi vi ikkje invitere gjester til å sykle Fylkesveg 60. Rett nok blir det stundom lova at det skal satsast på gang- og sykkelvegar. Men å få bygd samanhengande sykkelveg gjennom Nyss-kommunane vil bli så dyrt og vil rasere så mykje jordbruksland at det nok ikkje skjer i overskodeleg framtid.

Utanom trafikken

Men kvifor skulle vi ønskje oss det, når det finst idylliske private grusvegar meir eller mindre parallelt med hovudvegen? Dette er vegar som med små midlar kan gjerast om til eit samanhengande turnettverk for fotgjengarar og syklistar. Ein kan faktisk sykle trafikktrygt på idylliske og lite trafikkerte vegar utanom hovudvegen. Lat oss ta eit eksempel:

Frå kaia på Ørsneset til Sykkylven sentrum og vidare til Tynes kan ein følgje den langt mindre trafikkerte gamlevegen. På Tynes når ein i veg med gang- og sykkelveg til Øvre Tynes. Derifrå går det ein lite trafikkert lokalveg med fantastisk utsikt innover og utover fjorden. Ein kan halde fram på ein idyllisk grusveg gjennom skogen til ein møter den gamle bygdevegen Tandstad - Straumgjerde. Der fjorden sluttar, kan ein trille over brua og sykle bilfritt vidare på god grusveg på vestsida av Fetvatnet. På Fet når ein i den gamle bygdevegen som ein kan følgje fram til butikken. Etter det kan ein følgje lite trafikkerte lokalvegar framover Velledalen til ende.

Slike sykkelløyper kan ein finne både på langs og på tvers gjennom kommunane våre. Nokre treng oppgradering og stundom må det nokre meter med ny veg for å binde vegstubbar saman. Dette er vegar som dei lokale ofte kjenner til og brukar. Men for opplevingsglade og betalingsdyktige syklistar frå inn- og utland vil dette gå hus forbi om vi ikkje marknadsfører dei og legg forholda til rette.

Skilt og kart

Det første som trengst, er naturlegvis skilting og eit kart som kan lokke sykkelturistane vekk frå den slagne landeveg og inn på dei ukjende grusvegane. Moglege ladepunkt for elsyklar og ulike attraksjonar langs rutene bør vere merka av på kartet. Det skadar ikkje om dei som ønskjer å selje noko til syklistane får sin plass der. Eventuelle tilbod om utleige av (el-)syklar og hytte/hotellsamarbeid om booking av overnatting og frakt av bagasje bør også med. Kanskje bør kartet også ha opplysningar om når og kvar rutebussen køyrer. Det er godt for slitne og regnvåte syklistar å vite at dei har bussen i ryggen.

Den viktigaste oppgåva må kommunen hjelpe til med: Å skaffe oversikt over skogs- og lokalvegar og lage ein plan for oppgradering og eventuell samankopling av vegstubbar for å få ein samanhengande veg. Kommunen må også gå i samtale med dei private veglaga som i dag held slike vegar ved like. Ein lovnad om nokre ekstra gruslass til vedlikehaldet bør kunne skape grunnlag for velvilje og samarbeid.

I Europa er sykkelferie ein veksande trend. Syklistar reiser nok billeg, men dei er villige til å bruke godt med pengar på overnatting og komfort, fortel marknadsgranskingane. Den nye stiftinga Sykkelturisme vil at sykkelferie i Noreg skal vere noko anna og meir enn Rallarvegen. Dei lanserer no ei rekkje nye sykkelløyper, førebels for den norske marknaden. Det er rundt 400.000 av oss nordmenn som kan tenkje seg sykkelferie i eige land, viser ei marknadsundersøking.

Neste år vil Sykkelturisme marknadsføre norske sykkelløyper i heile Norden. Året etter skal det satsast på Europa. Då gjeld det at sykkelferie også i fjordbygdene blir ein del av tilbodet.