Dagens kommentar, 1. september 2021

Hektisk valkamp

Tilbakegang: Statsminister Erna Solberg fortvilar over dei siste meingsmålingane til Høgre. Om valresultatet ikkje blir betre enn målingane, er ho nok ferdig som statsminister.  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Meiningar

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum klarer ikkje lenger å profittere på nærpolitireforma, kommunereforma og om fylka Finnmark og Troms skal skilje lag. Dette var tema som Senterpartiet tidlegare fekk oppslutnad om, noko som viste att på meiningsmålingane. I ein kort periode var Sp det største partiet med over 20 prosent. I årets valkamp er det klima som står i fokus, og då kan ikkje Slagsvold Vedum snakke om at det å køyre dieselbil i åra framover ikkje er noko problem, eller svartmåle Arbeidarpartiet og SV sin politikk når han har varsla om at han vil samarbeide med Ap, men ikkje SV om det skulle bli ei raud-grøn regjering etter valet om knappe 14 dagar.