Tonedøv Høgreledelse

Frank Sve  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Heldigvis har vi Sylvi Listhaug som klart og tydeleg seier at FrP aldri kjem til å støtte eit Statsbudsjett der Møreaksen ligg inne.

Leiinga i Høgre er totalt tonedøv heilt til topps, og med god gammaldags «høgrearroganse» gjev dei fint blaffen i kva snart 80% av innbyggjarane her i fylket måtte meine!

Skremmande, nesten uverkeleg å oppleve at Høgre med opne auger meiner det er heilt ok at Statens vegvesen berre kan føre både folket her i fylket og Stortinget bak lyset, i avsløringane som TK har framført.

Erna Solberg seier: – eg har ikkje lest kva som stod i TK. Likevel konkluderar ho med det samme som Helge Orten har framført.

Møreaksen skal byggjast koste kva det koste vil, mot folkets vilje.

Problemet til Erna og Høgre, er at dei ikkje får igjennom ei einaste krone i framtidige Statsbudsjett, utan at Sylvi Listhaug og FrP er med på lager.

Så til heile Høgreleiinga, bruk øyrene, augene og få snart med dokke at FrP, - ALDRI støttar eit Statsbudsjett med ei einaste krone til Møreaksen.

ALDRI !

Det er ikkje for seint å snu, og FrP vil ha Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer for kryssing av Romsdalsfjorden.

Stopp Møreaksen !

Stem FrP!