Landbruket på kanten av stupet!

Arne Sandnes inviterer til politisk holmgang.  Foto: Anniken Westad / Arkiv

Meiningar

Dette er den gløymde saka i valkampen.

Bygda blør når landbruket dør.

Fredag ettermiddag, den 3. september, barkar toppolitikarar frå storting og fylkesting saman på Martin Linge huset til politisk holmgang. Tema for debatten er den økonomiske krisa i jordbruket som trugar rekrutteringa og som kan leggje heile bygder aude.

Familiejordbruket er sjølve garantisten for den faste bosettinga i store deler av distrikts-Noreg. Kvar dag vert 2-3 gardsbruk lagde ned. Mange bønder hevdar at dei er siste generasjon som driv. Inntektsgapet mellom jordbruket og andre yrke/næringar, i tillegg til ei urimeleg arbeidsbyrde, er den viktigaste årsaka til forfallet. Tetting av inntektsgapet vil kunne avverge at landet gror att, men tettinga må skje med snart. Ungdom som sit på gjerdet, må straks få signal om ei forpliktande opptrapping. Ei fersk spørjeundersøking i bygder i Fjord kommune, viser at det rår stor uvisse om neste generasjon vil ta over drifta blant eit fleirtal av dei som er spurde.

Det hastar å gi jordbruket eit løft. Ikkje berre for bonden si skuld, men minst like mykje for alle oss andre! Fire nye år med uforpliktande tåkeprat frå politikarane, vil føre landbruket utfor stupet. Utan kraftfulle politiske grep, vil ein dei næraste åra oppleve eit ras av nedleggingar, landskapet vil gro att, leverandørbedrifter vert avvikla, grunnlaget for reiseliv vert svekka og heile bygder kan bli ståande folketomme!

Vi står difor framfor ei muleg dramatisk utvikling. Alle vi som bur i distrikta er i same båt. Vi har ingen nabo å miste! Men, trøysta er at dette treng ikkje skje! Det er politikarne på stortinget som bestemmer. Ikkje tyngdekrafta eller skjebnetrua! Politisk vilje er stikkordet. Det første toget går den 13 september!

Til møtet fredag, har arrangøren samla eit knippe topp-politikarar frå dei tre partia som ein reknar med vil styre landet dei neste 4 åra, dvs. Ap, Sp og Sv. Ap og Sp vil ikkje sette ein frist for at uretten skal opphøyre. Berre Sv av dei 3, har stemt for tetting av inntektsgapet ila av komande stortingsperiode. Dette har provosert leiarane for Bondeopprøret som kjem til møtet med Skiptvedt-bonden Tor Jacob Solberg i spissen.

Dette er eit møte mellom tungvektarar som det luktar svidd av! Eit møte som kan gjere ein forskjell for bygder og kommunar i M&R. Kjernen i paneldebatten er bosetting og bygdeutvikling- like mykje som jamstelling og anstendig betaling for bonden sitt arbeid.

Møtet er åpent for alle og det er plass til alle! Møt fram og vis at du bryr deg om bygda si framtid.