Naturressursar

Sp: Per Ivar Lied, 3. kandidat Senterpartiet MR.   Foto: Arkiv

Meiningar

Våre rike naturressursar er grunnlaget for hovuddelen av verdiskapinga i Norge. Og verda vil etterspørre meir av det Norge har mykje av, som energi, fisk, mineral, skog og rein mat. Då kan det ikkje vere slik at vi skal eksportere meir og meir av råvarene og i stadig mindre grad utnytte ressursane sjølve. Vi kan ikkje la utanlandske aktørar kjøpe skogen vår, krafta vår eller maten vår.

Eit godt eksempel på kor feilslått regjeringa sin politikk er, er dei stadig nye utanlandskablane for eksport av straum. Norsk klimavenleg energi blir pumpa ut av landet for at andre land i Europa skal få omstilt sin industri. Dette fører til auka straumprisar her heime, og større rekning for deg og meg. Omlegging av kraftforsyninga har medført dyr nettleige som du og eg betaler, no er straumprisane rekordhøge og vasstandane rekordlave, medan direktørtalet, lønningar og botnlinje er på toppen, elavgifta likeeins. Medan du og eg betaler to og tre gongar så dyr straumrekning. Kraftprisen kan fort tvinge industribedrifter og arbeidsplassar ut av landet.

Nær, fornybar og rimeleg kraft og konsesjonssystemet har vore avgjerande for arbeidsplassar landet over, og ein berebjelke i norsk samfunnsutvikling i fleire tiår. Det kan og bør det også vere i det grøne skiftet.

Senterpartiet seier nei til fleire utanlandskablar og nei til å la EU styre krafta vår gjennom ACER. Vi må tørre å utnytte dei mulegheitene landet vårt gir oss i den grøne omstillinga. Vi må ta i bruk vasskrafta, skogen, havet og matjorda vår til å skape nye arbeidsplassar, ny rein industri og vekst i heile landet.

I dag er staten dessverre ein aktiv pådrivar for å flytte folk og arbeidsplassar vekk frå naturressursane våre og vekk frå suksessoppskrifta gjennom tiår. Senterpartiet meiner staten i samarbeid med privat næringsliv på nytt må bli ein pådrivar for industriell og grøn vekst, utvikling og eksport. Istadenfor å legge ned landet skal vi etablere arbeidsplassar både i nord og sør, vest og aust. Det har vi alle mulegheiter til, viss vi vil. Og viss du er med Senterpartiet i det valet.