Dagens kommentar, 8. september 2021

Valthriller

Fast plass: Frank Sve kjempar om å sikre seg ein fast plass på Stortinget for Framstegspartiet.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Meiningar

Stortingsvalet på måndag kan bli svært så spennande. Det kan på alle måtar gå mot ein valthriller. Om det blir regjeringsskifte med Ap-leiar Jonas Gahr Støre som ny statsminister, eller om Høgre-leiar Erna Solberg får halde fram i sin tredje periode som regjeringssjef, er det sentrale spørsmålet. Dei siste meiningsmålingane spriker til alle kantar. Men det er å merke seg at korkje Arbeidarpartiet eller Høgre kan vise til ei stigande formkurve dagar før valet. Medan småpartia som Venstre og KrF ligg å vaker rundt sperregrensa på fire prosent.