Bruk stemmeretten din – stem KrF!

Krf: Caroline Tusvik, Sykkylven Krf  Foto: Privat

Meiningar

13. september er det Stortingsval, og mange spør, kva skal vi stemme?

For nokon er det vanskeleg å ta ein bestemmelse. Andre spør kanskje om er det nokon vits i å stemme?

Vi vil oppfordre deg om å bruke stemmeretten din, og påvirke den
retninga landet skal utvikle seg i!

For meg er KrF det einaste alternativet. KrF er eit positivt
verdi-parti der fokuset er «saman for menneskeverdet.»

Mykje av det vi held aller mest kjært i vårt moderne samfunn, står på ein grunnmur av kristne verdier. Verdigrunnlaget vårt er henta frå bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande
menneskerettigheiter. Det har si forankring i det kristne
menneskesynet, nestekjærleik, forvalteransvar, og idealer som
likeverd, friheit, ansvar for seg sjølv og for kvarandre og respekt
for naturen. Det gir eit sosialt berekraftig samfunn.

Alle mennesker har same verdi, uavhengig av kjønn, hudfarge,
nasjonalitet, alder, religiøs og politisk overbevisning. Vi anser
mennesket som unikt og ukrenkeleg i alle livsfasar, og barnet i mors mage skal også ha menneskeverd! Vi i KrF ynskjer å styrkje familiane og ikkje styre dei!

KrF kjemper for fortsatt trus- og organisasjonsfridom i landet vårt.
Trussamfunna har stor verdi, ikkje berre for einskildmenneske, men også for samfunnet, gjennom at dei tilbyr fellesskap og samhald, og bidrar med barne- og ungdomsaktivitetar, diakonalt arbeid, integreringsarbeid m.m.

KrF meiner at det må bli enklare å skape ein arbeidsplass for seg
sjølv og nokre til! M.a. må arbeidet med å redusere skjemaveldet for småbedrifter halde fram.

Vi i KrF kjemper for å kome over sperregrensa ved dette valet. Uten KrF over sperregrensa, er ei borgerleg regjering utelukka.

Gjer vel og lytt til ditt indre, og stem med hjartet. Stem KrF!!