MDG, Raudt og Venstre

Sp: Petter Hjørungdal, leiar Stranda Senterparti  Foto: Anniken Westad

Meiningar

Valkampen rasar i media no fram mot valet, og ei hovudsak for partia i noverande regjering, er å fortelje kor håplaust det blir for Ap, Sp og ev. SV å styre landet viss desse partia vinn valet. Skremselspropaganda om at MDG og Raudt må dragast inn i regjeringa dersom Ap, Sp og ev. SV skal styre landet, blir trekt fram seint og tidleg, som om det ikkje er mogleg å danne regjering utan hjelp av desse ekstreme venstrepartia. Problemstillinga er for meg ganske kunstig. Det meste talar for at Ap, Sp og ev. SV vil kunne danne regjering utan dei venstreradikale. Når krisa for noverande regjering er stor, tyr ein tydelegvis til alle hjelpemiddel for å skremme folk til å stemme på regjeringspartia.

Ein fortel lite om kva problem regjeringspartia hadde med å bli samde. Frp var ei sterk uro å ha i regjeringa heilt til partiet trekte seg ut, og Listhaug uttrykte ved skilsmissa, at no var partiet endeleg ute av tvangstrøya. Og kva har ikkje Venstre stelt til i regjeringa. Eit lite, radikalt parti påverka regjeringa til å leggje ned pelsdyrnæringa i landet vårt, berre eitt år etter at stortingsfleirtalet hadde bestemt at næringa skulle bestå. Ei viktig distriktsnæring vart såleis lagd ned. Når Venstre fekk spørsmål om kva pelsdyrbøndene no skulle leve av, svara partiet at bøndene kunne dyrke medisinsk marihuana. Går det verkeleg an å vere så banale? Venstre har vorte eit radikalt byparti heilt på høgde med MDG og Raudt, og tanken om t.d. legalisering av cannabis, synest stå sterkt i partiet. Kan ei regjering med Venstre vere styringsdugande og positiv for landet vårt? Alle veit at Venstre må med viss noverande regjering skal kunne halde fram. Kanskje kunne det vere greitt med litt skremselspropaganda her også, men det høyrer ein lite om. Og kompensasjonen til pelsdyrbøndene er enno ikkje på plass.

Ei gruppe som kallar seg «Aksjon for borgerlig valgseier», har den siste tida hatt heilsides annonsar i avisene. «Finnes det en sak der Støre, Vedum og Lysbakken klarer å bli enige?» proklamerer denne gruppa. Etter mitt skjøn bør det vere minst like naturleg å spørje om Høgre, Krf og Venstre, blir einige og klarer å føre ein god politikk for landet vårt, ikkje minst når desse partia må samarbeide med Frp.

«Ein lyt mangt i nauda nytta,» sa mannen, han turka av bordet med kjetta. Ja, når nauda er stor, er det tydelegvis ikkje grenser for kva argument som vert brukte.

Godt val!