Åkerneset

Odd Karstein Fløtre  Foto: Privat

Meiningar

Den 10. september skriv Nyss at NVE vil bruke 350 millionar kroner til sikring av Åkerneset. Dette framkallar minne frå mange år sidan. Eg hadde installert “Robot” for lakkering av Siesta møblane, styrt av magnetband. Før PC-ar, Data, og “Industri-Robotar” var å finne omkring i verda.

I åra etterpå var det interessant å vere med på å utvikle “Ny teknologi”. Som varsla om variasjonar innanfor mange tekniske forhold, via telefon og Dataskjermar.

Denne avanserte teknologien vart levert til mange El.- kraftverk, vassverk, bedrifter og kommunar frå omkring anno 1999. Med lave og gunstige prisar.

Stranda kommune vart informert om at teknologien passa for overvaking av Åkerneset.

Helge Søvik skreiv også om dette i Sunnmørsposten.

Kalkulasjonar viste at installasjon inklusive helikoptertransport ville verte under ein million kroner. Seinare opplyste media, at Stranda kommune var i gang med overvaking av Åkerneset. Til kostnad for installasjon, på om lag 3 millionar kroner.

Etter om lag 7 år, i juni 2006, opplyste media at denne installasjonen vart testa for første gang.

350 millionar kroner er småpengar i forhold til kostnadane ved eit stort ras, skriv Nyss.

Og har sjølvsagt rett. Men, når Åkerneset stadig utvidar seg med større og større sprekker, vil det berre føre til eit resultat. At Åkerneset lagar eit stort ras.

Uansett kva tiltak som vert påkosta for å minske at det kjem vatn ned i sprekkene.

Is frå regn og snø lagar store krefter. Som utan andre tiltak vil føre til at raset går før eller sidan. Det er i praksis umogeleg å unngå skadar om raset går plutseleg av seg sjølv.

Det einaste som kan hindre enorme skadar for folket i området, er at det vert sett av nokre dagar der folk kan halde seg “borte frå farane”.

I denne tida vert det sendt “små porsjonar” av sementblanding som “tynn betong” så langt ned i rasgrunnen som mogeleg. Etter kvart som porsjonane med betong lagar sterke bindingar, vil porsjon etter porsjon bygge opp festekrefter, som til slutt held raset og fjellet permanent saman.

Ein kan tru at blandingar av betong kan oppføre seg som grønsåpe.

Men, ikkje når betongen får tid til å bygge seg opp frå små porsjonar, er svaret.

Det er ikkje mange andre alternativ som kan sikre for raset. Og øydeleggingane.

Det har kome idear om å sprenge stein frå neste del av raset. Med stor fare at raset går. Etter betongfylling og stans i utviding av sprekkene, kan slik sprenging eventuelt gjerast. Slik at rasfaren vert sikra enno betre for framtida.

Betongfylling er også småpengar i forhold til kostnadane ved eit stort ras.