Dagens kommentar, 15. september 2021

Knockout av Frank Sve

Brakval: Frank Sve og Framstegspartiet gjorde eit svært godt stortingsval.  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Framstegspartiet gjorde eit brakval og toppar valresultata i Stranda og Sykkylven, og i Møre og Romsdal. Det er ikkje tvil om at det er Frank Sve som står bak suksessen. Han har levert ein formidabel valkamp, og no er han saman med partileiar Sylvi Listhaug klar for Mørebenken på Stortinget. I heimbygda, Stranda fekk Frp og Sve ein oppslutnad på 28,6 prosent og i Sykkylven toppa partiet med 29,5 prosent, og det same på fylket der partiet fekk ein oppslutnad på 22,3 prosent. Årsaka til Frp sitt gode valresultat er motstanden mot Møreaksen, og at partiet framleis vil stå for ein aktiv oljepolitikk. Senterpartiet gjorde eit godt val i Stranda og Sykkylven, medan Høgre vart den store taparen, og gjekk markert tilbake. Også KrF og Venstre gjekk tilbake, medan SV kunne notere seg for ein liten framgang. Elles mindre endringar for dei andre små-partia. Kanskje noko uventa at Miljøpartiet De Grønne (MDG) heller ikkje klarte å markere seg i Nyss sitt dekningsområde.