Skulevalet

Ragnvald Støyva  Foto: Privat / Arkiv

Meiningar

Gratulasjon til Stranda Arbeidarparti.

Gjennom mitt lange politiske liv har eg fått med meg dei fleste skuleval.Sjølv om desse vala er berre ein del av opplæring ved skulane. Viser både politikarar og media stor interesse for reultatet. Det kan gje ein peikepinn om den politiske stemninga mellom ungdom. Slik også i Stranda.

NYSS hadde lova resultat fredag 10.september. Arbeidaepartiet brukar å ligge slik midt på «treet» og eg måtte lure litt på at deet var muleg at vi hadde fått

45,2 % ved Stranda Vidaregåande skule. Der måtte ha vore gode innleiarar for oss, men det kan også vere at elevane har blitt politisk bevisste.

Uansett forklaring, eg må gratulere lokalpartiet. Oppslutninga om vårt parti var imponerande.