Meirope Bibliotek

Simen Myklebust  Foto: Privat

Meiningar

Vi har eit svært bra bibliotek i dag, og no kan ein legg til rette for at det skal vere enno betre. Forslaget til kommunedirektøren om å flytte det til 1. etasje i sparebankbygget vil gje biblioteket ein svært sentral plassering. Då er det også naturleg å sjå på opningstida. I dag er biblioteket ope tre dagar i veka i til saman femten timar.

I dei store byane har ein begynt å legge om biblioteka til eit større konsept. I tillegg til vanlege opningstider med bemanning, så har ein lange opningstider der ein kan låse seg inn med lånekortet sitt. Når ein kjem inn i biblioteka så er det eit større utval i kva ein kan gjere. Til dømes kan ein i Stavanger sentrum nesten alltid sleppe inn på biblioteket. Når ein er der kan bruke eit brettspel-rom, lese bøker i gode stoler eller spele tv-spel. I Brattvåg har eit nytt bibliotek fått sy-avdeling, gode studieplassar og ei plassering som gjer at ein ofte ender opp der om ein er i sentrum.

Det beste ville vore om biblioteket vårt var bemanna frå 07 til 23 kvar dag, men ettersom økonomien nok stoppar det, så kan vi få eit stort løft i tilbodet med «meirope».

Slik eg forstår det, så har ein andre stader nærast berre positive erfaringar med dette. Det viser seg at folk ikkje stel bøker eller ramponerer biblioteket, men får dei nøkkel til sitt eige bibliotek, så svarer dei med å gjere det til hjarte i sentrum. Og sjølv om nokon skulle øydelegge ei bok eller noko utstyr, så vil kostnadane med det vere forsvinnande små i forhold kor stor auke i tilbodet ein gir.

Konseptet er alt prøvd ut i fleire år rundt om i landet og ein kan låne aldersgrenser og andre erfaringar der i frå. Til dømes seier ei erfaring at ein bør ein legge opp til ei stillesone for lesing og studiar, ettersom det vert vanskelegare å halde heile biblioteket stille. Når Oslomet har forska på korleis Furuset bibliotek i Oslo har brukt dette, så ser ein mellom anna at besøkstala går kraftig opp og at hærverket ein frykta ikkje vert noko av. I Danmark har ein lengre erfaring med slike bibliotek og Carl Gustav Johannsen ved Det Informationsvidenskabelige Akademi stadfester dei positive erfaringane. Men han åtvarar også om at der ein har brukt meirope til å redusere bemanninga, så har ein også fått eit svekka tilbod. Opningstider kan ikkje erstatte eksperthjelpa frå bibliotekarane.

Forslaget er altså ikkje å redusere tilbodet ein har i dag, men å utvide det med meirope. Sjå for deg at lånekortet ditt låser opp døra til biblioteket også utanom opningstida. Og når du kjem inn døra så finn du bøker, ei stille sone og eit utval utmerka sykkylvsmøblar. Men du finn kanskje også ungdommar som speler tv-spel eller syr. Kan vi prøve eit bibliotek som er opent og synleg, og sjå om ikkje småbarna kan kose seg der og ungdommane henge der? Kan vi prøve korleis det er å vite at biblioteket er ope heile veka? Kan vi sjå om dei som sitt med studiar og heimekontor har lyst å komme seg ut av huset innimellom?