Fakta om kaitomta

Olav Harald Ulstein  Foto: Christine Fohlin Verneland

Meiningar

Viser til Nyss 9. juni, der Magne Jan Vik og Ove Godø fra Ren Sykkylven AS, presenterer fakta rundt tomta som dei eig mellom godsterminaltomta, og sandvolleyballbana.

Poenget fra dei to herrane, er at kommuna har omregulert tomta dei eig, og at dei derfor bør få tilsvarande areal i byte med kommuna. At kommuna har omregulert tomta, er både riktig, og fakta som bør vere kjent.

Det er imidlertid meir fakta i saka, men den kjem ikkje fram i artikkelen. Eg tek meg derfor den friheit å ta nokre punkt her.

Nr. 1 Alle grunneigarar, også Rema 1000 har mange muligheitar til å påvirke reguleringsprosessen, blant anna med motsegn der ein stiller seg negativ til omregulering. I denne prosessen kom det ikkje eit einaste ord fra Ren eigedom, det er fakta i saka.

Nr. 2 Alle grunneigarar, også Rema 1000 har full rett til å klage på reguleringsvedtaket, også her var det det heilt stille fra Rema 1000. Det er fakta i saka.

Då kan vi stille oss følgande spørsmål. Kvifor sat Rema 1000 heilt stille i heile reguleringsprosessen ? Var det fordi dei tenkte at dei på den måten kunne få hand om ei tomt som var langt bedre enn den dei hadde?

Nr. 3 Den bygninga som no er aktuell, er endra mykje fra den som vart presentert først. Det var nok nokon som lot seg sjarmere av eit operatak, som stod til fri disposisjon. Det operataket er no tatt bort, og bygninga har blitt vesentlig høgare. No er det mellom anna også snakk om ein firekanta klosse, slik som alle andre Rema 100-butikkar. Det er også fakta.

Det er stor motstand blant bygdefolket, som ikkje ynskjer denne etableringa på kommuna si tomt. Ei meiningsmåling som eg laga på Debattsida for sykkylven, synte at av 500 som svarte, var ca. 83 % imot. Dette er sjølvsagt ikkje ein fasit, men viser at motstanden er svært stor.

Når vi veit at motstanden er så stor, bør vi som politikarar lytte til det. Sykkylven kommune har tidligare blitt tilbydd 10 mill for heile tomta, da blir det heilt feil å gi bort halve tomta til Rema 1000. Eg har ingenting imot at Rema 1000 etablerer seg i Sykkylven, men eg vil ikkje ha dei på den kommunale tomta. Eg kan gjerne vere med å sjå på ei omregulering av den tomta som dei allereie eig, slik at dei kan bygge der. No håpar eg at politikarane lyttar til folket, og seier nei til makebyte, og etablering av Rema 1000 på den kommunale delen av kaitomta.