Dagens kommentar, 17. september 2021

Rema-tomta

Ny Rema-butikk: Skisse som viser plassering av den nye Rema-butikken på Aure.   Foto: Illustrasjon

Meiningar

Nok ein gong kjem saka om Rema-tomta opp i Sykkylven formannskap på måndag. Det sentrale spørsmålet er om REN Sykkylven AS skal få etablere ein Rema-butikk, plassert like ved Kaitrappa i Aure sentrum. Saka har versert i ulike kommunale organ sidan eigedomsselskapet kjøpte tomta av Sykkylven Sjøfront AS i 2014. To år seinare vart tomta omregulert, noko som resulterte i at det ikkje vart att nok tomteareal til ein Rema-butikk. I ei pressemelding i førre utgåve av Nyss skriv REN Sykkylven AS mellom anna at dei har blitt fråteken retten til å få bygge på eiga tomt, grunna omreguleringa som kommunen gjennomførte i 2016. REN Sykkylven AS har difor forhandla fram ein avtale med Sykkylven kommune ved kommunedirektøren som eig nabotomta (godsterminaltomta) om makebyte av om lag 1,7 dekar. Det er mellom anna denne avtalen som formannskapet må ta stilling til.