Dagens kommentar, 22. september 2021

Heksejakt på Ropstad

Måtte gå: Statsråd og KrF-leiar hadde ikkje noko val enn å gå av etter skatteskandalen.  Foto: Terje Pedersen / NTB

Meiningar

Det er ikkje vanskeleg å forstå at skattetabbane til Kjell Ingolf Ropstad har resultert i ein heksejakt på den avgåtte statsråden og KrF-leiaren. Ropstad hadde ikkje noko anna val enn å kaste korta. No blir det full gransking i regi av Økokrim og Skatteetaten. At Ropstad er lei seg og beklagar Aftenposten sine avsløringar, er både rett og rimeleg. Det som ikkje er like greitt er at han freistar å skyve ansvaret for «mistydinga» over på Statsministerens kontor. Kjell Ingolf Ropstad visste kva han gjorde då han sjonglerte med ulike bustadadresser. Vinninga var å spare skattekroner. Og då blir heksejakta innleia og gjennomført på ulike måtar, om vi likar det eller ikkje. Men til sjuande og sist er det Ropstad sjølv som må ta ansvar for sine handlingar.