Svar til Simen Myklebust sitt innlegg om meirope bibliotek

Helen Seth  Foto: Arkiv

Meiningar

Fyrst vil eg berre presisere at bibliotekets opningstider per dags dato er grunna korona og er det vi fekk godkjent av kommuneoverlegen i 2020. Vi er no i ein gjenopningsprosess og ynskjer å gå tilbake til å vere ope fem dagar i veka slik opningstidene var før korona. Vi har vore litt avventande for å sjå an smittesituasjonen i kommunen etter ferien, men håper no å kunne opne for fullt i oktober om smittesituasjonen tillèt det. Då vil biblioteket vere tilgjengeleg måndag, onsdag og fredag frå 10.00-16.00 og tysdag og torsdag frå 12.00-19.00.

Når det er sagt er det klart at meirope bibliotek er framtida. Dei nyaste biblioteka i fylket; Vestnes, Ulsteinvik, Hareid og Moa har alle valt å gå for denne løysinga med gode resultat. Meirope bibliotek kan ikkje erstatte tilsette, men er eit godt tilbod utover dei ordinære opningstidene slik fleire kan ta biblioteket i bruk.

Biblioteket skal vere ein møteplass, eit rom for alle, ikkje berre dei som rekk å kome innom i bemanna opningstid. Meirope opnar døra for studenten som kan sitte frå tidleg morgon til sein kveld på biblioteket for å skrive oppgåver, for småbarnsfamiliane som vil nytte biblioteket i helgene, eller berre for den som er i sentrum og treng tilgang på eit toalett eller eit stellebord. Med meirope bibliotek er kvart lånekort ein nøkkel, noko som gir brukarane meir valfriheit og eigarskap til sitt bibliotek. Når folk føler dei eig i noko vil dei behandle det godt og nytte det meir. Biblioteket skal vere ein stad å vere, ikkje berre ein lånestasjon, men ein lågterskelstad der ein kan møte andre. Om idéen er at uteområdet utanfor Sparebankbygget skal bli ein park, ein stad for alle, er det ikkje naturleg då å forlenge dette til innsida av bygget, at det og er ope for alle og høyrer innbyggarane til?

Vi ynskjer å vere eit bibliotek som samstundes viser historia og inspirerer for framtida. Då må biblioteket moderniserast og meiropnast. Vi ser mogelegheitene for dette om kommunen vel å flytte biblioteket til Sparebankbygget. Då kan vi tilpasse og modernisere biblioteket og lage fleire soner tilpassa ulik bruk. Vi på biblioteket har visjonar for ei slik flytting, men må vente å sjå om vi kan setje dei ut i livet.