Kjære folkevalde! Kaisaka nok ein gong

Hallstein Lillevik (t.v.), Nils Einar Rye og Geir Hofset.  Foto: Christine Fohlin Verneland / Arkiv

Meiningar

Vi vil starte med ei djuptfølt takk til fleirtalet i formannskapet i Sykkylven for at dei sist måndag sa eit klinkande klart nei til Ren Sykkylven sitt forslag om makebyte på Aurekaia. Dette er eit første steg fram til å få lagt denne ballen død ein gong for alle: Rema 1000 er hjarteleg velkomen til Sykkylven, men matvaregiganten er ikkje velkomen til å bygge butikken sin på eit areal fellesskapen eig, og som kan utnyttast langt betre i offentleg regi – til beste for både innbyggarar og tilreisande i dag og i framtida.

Nødvendige steg

Formannskapets vedtak er det første av to nødvendige steg for å få avslutta denne diskusjonen ein gong for alle. Neste steg er det vedtaket som skal gjerast i kommunestyret førstkomande måndag. Det er vårt håp og vår tru at fleirtalet i kommunestyret vil følgje opp med å stadfeste formannskapets intensjon om å bevare den noverande kommunale eigedommen på kaia, for framtidig utvikling til fellesskapens beste.

Imidlertid er der eit anna moment i formannskapets innstilling til kommunestyret som uroar oss. Administrasjonen vert i det same vedtaket beden om å vurdere «andre plasseringar av bygget til Rema 1000». Og i tillegg: «Dette før kommunestyremøtet den 27.9 21.» (Vår utheving). Kva ligg det i dette? Er det snakk om flytting til andre stader på kaiområdet? Om det er tilfelle, vert det duka for ny uro rundt denne betente saka. Då er vi like langt. Vår klare oppfordring til kommunestyret må vere at dei står løpet ut og seier eit endeleg nei til Rema 1000 på nokon del av den grunnen som kommunen i dag eig mellom rundkøyringane ved kaia.

Trugslar

Det er i våre auge merkeleg at ein stor og profesjonell eigedomsutviklar ikkje makta å halde seg innanfor lova sine klagefristar då dei siste omreguleringane vart gjorde på kaiområdet. Ein planrevisjon som dette er dessutan alltid ute på høyring, og Ren Eiendom kom ikkje ein gong med innspel.

Vi registrerer imidlertid at dei rakk å levere eit brev til ordføraren rett før måndagens formannskapsmøte. Brevet er skrive av eit av landets største advokatkontor. Her vert det truga med klage til statsforvaltaren, innløysingskrav, erstatningskrav og varsling til konkurransetilsynet. Vi er sikker på at Sykkylven kommune på si side har tilgang på juridisk ekspertise som kan lose våre folkevalde gjennom ein eventuell konfrontasjon med eit mektig privat selskap. Makt kan møtast med motmakt.

Mykje på spel

Kva står på spel når våre folkevalde i Sykkylven kommunestyre møtest på måndag? Det handlar om å bevare dei moglegheitene som opna seg for fellesskapen då godsterminalen forsvann. Det handlar om å skunde seg langsamt. Det handlar om å lage ein langsiktig plan for heile sjøsida i Aure sentrum. Men framfor alt handlar det om å venne seg til følgjande tanke: Det er ikkje slik at all utvikling må skje raskt, og koste enorme summar. Nokre verdiar er ikkje-materielle. Dei krev berre ein ting: Å bli tekne vare på. Dei må beskyttast.

Vi har full tillit til at våre folkevalde vil gjere akkurat det.