Møreaksen gjekk på eit sviande tap

Frank Sve  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Tusen, tusen takk til alle som stemte på FrP i valget, og eg skal love å gjere det eg kan for sakene vi gjekk til valg på.

Innbyggjarane har gjeve klar beskjed, og tilbakemeldinga ikring Møreaksen fekk spesielt Høgre merke rimeleg klart over heile fylket i valget.

At mange av dei 5597 som bur på Aukra og Midsund ynskjer fastlandssamband forstår dei fleste, men det er like lett å forstå at dei 259 641 innbyggjarar som bur i resten av fylket ikkje nødvendigvis ynskjer seg ned på snart 400 m under Romsdalsfjorden, ein gedigen omveg ut på Midsund og 6 rundkøyringar og ei eller anna vegløysing gjennom Molde med Møreaksen.

At eg nærmast har blitt ein folkefiende for Møreaksen klanen der eg på Facebook blir rett og slett trakasert og håna, er ikkje meir enn simpelt og noko som slett ikkje er greit.

Alle klarer å sjå dette på til dømes Møreaksen si Facebook side.

Stiller til dømes vanlige normale innbyggjarar på Midsund og Aukra seg bak dette.

Derfor er eg spesielt glad for at folk flest ikkje aksepterer slik framferd, og gav oss i FrP 22,3% av stemmene i fylket, snart kvar 4 innbyggjar i dette fylket støtta FrP.

Eg skal love at det skal kjempast i Oslo for å stoppe nedbygging av Olje og gassektoren, og at inntektene her i landet ikkje blir skifta ut med utgifter ved greinalaus symbolpolitikk ikring miljø og klima.

Men, eg skal også gjere det eg kan for å stoppe galskapens prosjekt, Møreaksen.

Igjen, tusen takk for alle som stemte FrP, eg skal forsøke å gjere mitt aller beste for Møre og Romsdal og resten av landet dei neste 4 åra på Stortinget.