Frp sitt forslag i Kai-saka

Olav Harald Ulstein  Foto: Christine Fohlin Verneland / Arkiv

Meiningar

I formannskapet 20. sept. vart saka om makebyte med Ren Eigedom behandla. Ren Eigedom påberopar seg her eit makebyte med kommuna, fordi dei hevdar at kommuna gjennom omregulering, har fråteke dei moglegheita til å bygge på eiga tomt.

Framstegspartiet sette fram fylgjande framlegg til vedtak.

1. Sykkylven kommune seier nei til makebyte, og etablering av Rema 1000 på den kommunale tomta

2. Kommunestyret ber administrasjonen om å starte prosessen med å omregulere tomta som Ren Eigedom står som eigar av i dag. Formålet med omreguleringa er å føre tilbake reguleringsforesegnene til slik dei var når Ren Egedom kjøpte tomta.

3. Det kan vurderast om det kan etablerast ein offentlig parkeringsplass i den nordlige delen av den kommunale tomta. Desse parkeringsplassane kan disponerast av Rema 1000 sine kundar, og som parkering for framtidig utvikling av kaiområdet.

Dette forslaget vil vere ei god løysing for alle parter. Punkt 1 sikrer at vi ikkje makebyter eit verdifullt område, mot eit område som har lågare verdi, og som vi strengt tatt ikkje trenger. Det er svært stor motstand blant innbyggarane mot å etablere Rema 1000 på denne tomta. Det ville vere eit paradoks om vi skulle gi bort innbyggarane si tomt, til noko som dei ikkje ynskjer.

Punkt 2 vil gjere det mogleg for Ren Eigedom å bygge på eiga tomt, då det var utgangspunktet deira. Da vil ingen kunne hevde at vi har fråteke dei moglegheita til å bygge der.

Punkt 3 skal gjere det litt enklare for Ren Eigedom å etablere seg på eiga tomt. Dersom dei kan nytte ein felles parkeringsplass, vil det redusere behovet for utfylling, og bygging i fleire etasjer.

Med andre ord, dei som ikkje vil ha Rema 1000 på den kommunale tomta, får det slik dei ynskjer. Dei som gjerne vil ha Rema 1000 på kaiområdet, får det slik dei ynskjer. Sist men ikkje minst, får Ren Eigedom ei bedre muligheit til å bygge, enn da dei kjøpte tomta.

Når dette er sagt, vart det dessverre ei litt rotete avstemning i formannskapet, der ordføraren sette fram eit «panikkforslag» for å presse gjennom eit makebyte. Sjølv om ordføraren pressa sine samarbeidsparti hardt, stemte både Venstre og ein fra Høgre, for Frp sitt punkt 1. Til min store glede, og overraskelse, stemte også ordføraren for dette punktet, sjølv om han hadde fråråda andre å gjere nettopp det. Saman med AP, så sikra dette fleirtal 7 – 2 for å seie nei til makebyte, og etablering av Rema 1000 på den kommunale tomta.

Samstundes som ordføraren støtta, nei til makebyte og etablering av Rema 1000 på den kommunale tomta, sette han fram eit forslag på vegne av fleirtalskonstelasjonen, som opna for å sjå om Rema 1000 kan ligge ein annan stad på den same tomta. Forstå det den som kan. Mandag skal saka opp i kommunestyret, og då håpar eg at heile forslaget til Frp får fleirtal.

Sykkylven Framstegsparti hadde besøk av Ren Eigedom på sitt kommunerådsmøte onsdag 22. sept. Her var Ren Eigedom positive til dette forslaget, og var tydelige på at dette, dersom det blir godkjent, kunne vere ein god måte å komme i mål med saka på.