Dagens kommentar, 24. september 2021

Grannekamp

Toppscorar: Bengt Hole Alnes gjorde ein kjempekamp for Sykkylven førre veke. Det blir spennande å sjå om han klarer å score mot Stranda på søndag.   Foto: Per Bjarte Ludviksen

Meiningar

Det å høyre dei tre orda: «Stranda mot Sykkylven», minner meg straks om to bygdelag som opp gjennom åra har knivast om alt frå vidaregåande skule, lensmannskontor, apotek, tannrøkta og til å vere best anten i skibakken eller på fotballbana. Det har stått om prestisje og heider. Det var ikkje alltid at tonen var like god mellom strandarar og sykkylvingar når vi samla oss til fest og moro på ungdomshusa på den eine eller andre sida av fjellet for nokre tiår sidan. Men samtidig skal det vere sagt at det var mange sykkylvingar og strandarar som fann tonen og kvarandre ein sein laurdagskveld!