Rema, kaia og musikken

Jan Lade.  Foto: Arkiv

Meiningar

Rema har vist ei form for vilje til å vere med på å utforme kai-arealet, og dei har råd til det, sjølv om det hittil er mest til eigne fordelar. I staden for å krangle med advokater synes eg dei burde legge pengane i å vere med Sykkylven på å utforme kaiområdet på ein trivelegare måte, inkludert ein remabutikk som passer til omgivnadane, - det gjer ikkje brunosten slik den er presentert. Det er ikkje slik ein skal møte Aure sentrum på veg frå ferga. Vel og bra med initiativ med amfi og takterrasse, men hittil er dette påhekta påfunn.

Det rike musikklivet i Sykkylven er eit uutnytta potensiale i utandørs samanheng, utandørs scenemuligheit har i alle år vore eit sakn. Kaitrappa er eit godt initiativ, det påpeikar eit behov, men har begrensingar i høve til musikalsk scenebruk. Det kan kun nyttast med oppmikking og godver, lite eigna for «stunt og blandakor». Musikarar og songarar veit at resonans frå ein bak/sidevegg er, - om ikkje eit must, så i det minste ein stor fordel, for triveleg utfolding på enkelt vis. Altså ei form for overbygd utandørs musikkscene, eigna for song og musikk. Tilhøyrande er og lune sittemuligheiter for publikum gjerne tilknytta ein serveringsstad, kafe, konditori el.likn.. – lukta frå bakervarer er aldri feil... og til slutt, gjerne amfi. Då kan denne muligheita brukast i området og gi trivsel til bygda. Kanskje sameinast med «torget» som også er tiltrengt og som mangler i vår tettstad. Slike element skaper trivsel, liv og røre. Ver og vind er ei utfording som må medtakast.

At kommunen vurderer å flytte biblioteket til gamle sparebankbygget er gledeleg, rett tenkt og i tråd med eit moderne bibliotek med tilgong på gateplan. Ei song og musikkscene kunne og vore ein del av parken her, men då vert det eit anna oppsett.

Det virkar som om kommunestyret har vikla seg inn i ein gordisk knute. Der må ligge til grunn ein områdeplan. Dersom Rema skal/må vere ein del av sjøfronten så inviter Rema med på ein heilheitleg plan til beste for området, gjer så opp formalitetane på grunnlag av resultatet. Men kommunen må ta styringa. «Regulert til næring» gir begrensa meining for området, då gjer utbygger det ein sjølv vil. Inngangsporten til sjøfrontarealet er begge rundkøyringane og bør ha eit inviterande, åpent uttrykk, ingen fråstøytande kassevegg. Då vert restarealet mellom rundkøyringane mindre enn ein skulle tru, der er begrensa med plass når Rema har fått sitt, men dei bør ikkje vere der åleine. Dersom ein vil lage eit «torg-uteareal-scene-amfi» så må det innlemmast i ein plan, kanskje i «Remaplanen», for Rema må også kome opp med noko anna enn «brunosten» - som passar dårleg saman med vår indrefilet, - den må i såfall vere som tilslag i sausen!