Habilitet og etikk til Torgeir Dahl i Høgre

Frank Sve  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Viser til avsløringane som har kome fram i media den siste tida ikring kven «Torgeir» egentlig var som hadde vore i drøftings og diskusjonsarbeidsmøter ang Møreaksen med Statens vegvesen, i forarbeidet deira til framlegging av NTP frå Statens vegvesen vidare til folkevalgt nivå.

Det kjem no fram at det er Torgeir Dahl som har vore i desse omtalte og omdiskuterte møta med Statens vegvesen som eit ledd i deira arbeide med grunnlaget for ny NTP.

Torgeir Dahl er ordførar i Molde og fylkestingsrepresentant samt medlem i samferdselsutvalget, og kan ikkje sete på begge sidene av bordet.

Dei som er med på arbeidet med forarbeid og utforming ilag med Statens vegvesen for grunnlaget til politisk behandling i samferdselsutvalget, fylkesutvalget, fylkestinget og seinare til Stortinget, kan ikkje vere deltakende ilag med Statens vegvesen i det administrative forarbeidet deira, for deretter vere med i folkevalgt behandling.

Dette må vere brot på habilitetsregler og ikkje minst etisk retningslinjer til fylkeskommunen.

Samrøret som her har funnet sted, undergrev det politiske uavhengige system, og er med på å undergrave all tillit til Møreaksen sin prosess, prosjektet i sin heilheit og legitimitet i folkevalgt behandling.

FrP krev at dette forholdet blir satt på dagsorden i fylkeskommunen sitt kontrollutvalg, og deretter direkte til fylkestinget når gransking er gjennomført.

Dette grunnlaget bør også sendast vidare til kontroll og konstitusjonskomiteen på Stortinget, der forholdet ikring Korleis Statens vegvesen region midt har opptrådd i saka og arbeidet ikring Møreaksen, eit prosjekt der fleire titals milliardar kr av skattebetaleren sine midlar er tenkt brukt.

Folket i Møre og Romsdal er sterkt kritiske til Møreaksen, og det som har blitt avdekt ikring saka er mildt sagt alvorleg.